mandag 27. mars 2023


Vinter
Vinter
                                                                     
Soloppgang

nok ein soloppgang

Så var det vinter og kulde

Soloppgang på Fleisje

Hassel-nøtter på Fleisje


Fyrste vinteren i det nye Alvsby-huset vårt

 

søndag 5. mars 2023

 Kveldstankar.....

Det hender innimellom - kanskje ofte - at når ein høyrer ein tale, vert det stilt spørsmål til tilhøyrarane. Har eit minne frå då gutane våre var små. Me var på møte heile familien, og forkynnaren stilte bl.a  spørsmålet: ."Hører du?"  Då kjem det høgt frå vesleguten: "Ja!"...  Det vart litt latter ut av dette, for dei som fekk det med seg.. Talaren fekk i alle fall respons..!

Andre spørsmål som kan bli stilt er: Er det lenge sidan du måtte tala ut med Jesus om dine synder?
Er det lenge sidan du sa eit ord om Jesus til ein ufrelst? Har du fått sett inn i evangeliet eller er dette berre noko du kan? Er Jesus blitt stor for deg? Slike spørsmål kan vera nødvendige og ransakande. Vekkelsestonen må få lyda! Det går an å bli sløv og sovna! Men kanskje kan det og føra til unødig anfekting for nokre? Me er så forskjellige - både som menneske, med ulike lynne. Og me kjem frå forskjellige bakgrunnar. Så ein kan spørja om det er slik at alle skal ha samme erfaringar og opplevelser..

Mange kan vitna om både dag og tid då dei fekk tru seg frelst. Dei fekk gå over frå døden til livet, og kunne vitna om at no var Jesus blitt deira Frelsar. Ein ny nød var komen. Ny lyst til Guds ord og til å samlast med dei truande. "Alt ble forandret, da Jesus kom inn" som det står i songen.

Men det er ikkje alle som har ein dag eller ein periode der dei kan sei at DÅ fekk eg sjå/tru meg frelst. Det er heldigvis fortsatt ein del som får veksa opp i kristne heimar, får tru at dei høyrer Jesus til og vil fylgja han heile livet. Dei har ingen omvendelse å visa til. Ingen spesielle opplevelser der dei særleg fekk kjenna Jesu nærvær. Men dei må "tru kaldt" - som ein har sagt - det som står skrive i Bibelen. F.eks. ordet frå Salme 34.23 Ingen av dei som tek si tilflukt til Han, vert dømt skuldig  eller "Den som kjem til meg vil eg slett ikkje støyta ut (Joh.6.37)

Så eg har lurt litt på om det av og til kan bli eit problem for enkelte som ikkje har desse erfaringane som andre får... Du må ha det sånn og sånn, ha den og den erfaringa, oppleva det og det for at det skal vera rett med deg som kristen. Det er mest som om ein må fylgja ei slalom-løype, at du må innom alle portane for at løpet skal bli godkjent.... Går det an å gjera "Den smale veg" for smal???

Hugsar Carl Fr. Wisløff fortalde om ein svensk far som gjekk tur med sonen sin ein vinterdag. Guten drog ein liten plog etter seg og seier: Pappa! Jag gjør en smal veg på den breda!  Dette anvendte Wisløff på livet - at det går an å laga seg ein "kristendom" mens ein fortsatt går på den breie veg.. Og den faren truar nok i dag og. Men går det an å gjera den rette smale veg for smal???  Eg har ikkje svaret!.....

Det er neppe nokon som les dette... så det blir berre tankar og spørsmål frå meg sjølv... Men det er av og til greitt å "få ut" tankane og... hvilket herved er gjort....  :->>)

Klippe du som brast for meg, la meg gjemme meg i deg.
La det vann og blod som går fra din sides åpne sår
bli for meg en helseflod som gjør sjelen ren og god

Intet godt jeg bringer deg. Til ditt kors jeg klynger meg
Naken jeg om kleder ber, Hjelpeløs til nåden ser.
Uren flyr jeg til ditt blod! Rens meg Frelser i den flod!
##############################################

Jesus, du som har meg kjær Til ditt hjerte vil jeg fly
Høyt går havets bølger her, Truende er stormens gny.
Skjul meg i din frelserfavn Inntil stormen legger seg!
Før meg inn i himlens havn, La meg ankre trygt hos deg.

Annen tilflukt jeg ei vet Hjelpeløs jeg flyr til deg.
Du kan gi meg liv og fred. Du,kun du kan hjelpe meg.
Verden ingen trøst kan by All min lit til deg er satt
Skjul meg i din vinges ly Vær mitt lys i mørke natt



onsdag 7. desember 2022

 Hei, hei... No er det LENGE sidan eg har vore innom bloggen. Kanskje eg har vore tom for....  ja, tom!

Det er ikkje alltid "skriveånda" er tilstades, og enkelte gonger kan det vera noko ein kunne tenkt seg å skriva, men det kan bli litt for personleg, kanskje... Det er tross alt ikkje alt ein bør dela sånn "offentleg". Men idag fekk eg lyst å skriva litt... Det er advent, og mange tenner lys og syng advents-song. Ein som mange brukar er denne: No tenner vi det første lys. Teksten er enkel, men det er liksom noko som ikkje stemmer, for det står at me ventar på at Gud vår Far, vil sende Sonen sin..... og vidare... Vi ventar på at Kongen vår skal fødast i ein stall.

Dette ventar me ikkje på lenger - det er noko som har skjedd, og som ikkje kjem til å skje igjen.... Så eg har skrive om teksten litt. Det er neppe fullgodt, men kanskje litt betre... Slik syng me hos oss:

No tenner vi det første lys 
åleine må det stå
Vi tenkjer på det vesle barn
i krubba lag, på strå

No tenner vi det andre lys
dei står der stilt og skin
Vi takka vil vår Gud og Far
som sendte Sonen sin

No tenner vi det tredje lys
det er eit heilagt tal.
Vi tenkjer på vår konge stor
som føddest i ein stall

No tenner vi det fjerde lys
og natta vart til dag
Vi takka vil vår Frelsarmann
for alle folkeslag

                       Det er ikkje sikkert du synes dette var betre... så du må berre syngja det du vil.

                                 Dette var alt for idag.. Kanskje blir det litt meir etter kvart!?






...



onsdag 30. august 2017

 

"En sommer er over"....???

Kanskje vil du sei at det har ikkje vore nokon sommar i år!!  Tja, sommaren har nok vore så ymse kva ver og temperatur angår, men sommar har me hatt - både med sol og regn!! Mange har hatt ein god ferie heime. Andre har vore på ein lang og kanskje strevsom tur - men dog ferie..!! Atter andre har hatt ein god og fredeleg ferie på tur - på bibelcamp ? på andre kristne arrangement?-. Uansett: me har det veldig godt her i Norge!!!!
Sjå på naturen! Det myldrar av fargar, liv- smått og stort - sjø, vatn, tre, bakkar, knausar og fjell. Svaberg - stille sjø - ein fisk som hoppar. Mognande frukt og bær som vert klar for hausting. Skogsbær og hagebær... Fri tilgang til mykje av dette... Har me grunn for å klaga?? Nei, me har absolutt ikkje det, men gjer det likevel. Eit eksempel på litt misnøye finn du nok også i fylgjande:

Når dagane er kalde, og regnet strøymer ned -
og sola den er borte - eg ventar betre ver!!
Eg sit og strikkar sokkar - kva anna kan eg gjera?
- Når sola den er borte og eg ventar betre ver..!

Det er nok sommar-månad, men ingen varme kjem.
Så turen ut til sjøen den må nok venta,den!
Ein badetur må venta, den freistar ikkje no!
- Så eg får strikka sokkar, mens regnet dett ned no!


  Slik var det ved hytta uti Furudalen sist søndag !
Er det ikkje fint?? EIN god-versdag....
Her er eit kunstverk i naturen.. Gamal og mett av dage??!!!

Eit kunstverk dette og - men innadørs! Fall for fristelsen til å kjøpa ei hawai-rose til meg sjølv... og den har kome med 2 blomstrar + fleire knoppar underveis!!


Det vart litt molter i år og. Ikkje dei kjempestore mengder, men dog...
Det vert nok til både moltekrem julekvelden og litt meir...


Og til slutt: dei "gode gamle revebjøllene" som er sjelden syn her nord, men
som me hadde meir enn nok av heime på Fleisje..

Ha ein god dag der du er!!

"Sjå på fuglane under himmelen! ikkje sår dei og ikkje haustar dei, ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen gjev dei føde. Er ikkje de mykje meir enn dei?

Legg merke til liljene på marka, korleis dei veks.! Dei strevar ikkje og spinn ikkje...Ikkje eingong Salomo var kledd som ei av dei.


Men kler Gud graset på marka, det som står i dag og i morgon vert kasta i omnen, skal han då ikkje mykje meir kle dykk - de lite truande.."
(Frå Jesu bergpreike i Matt.6. 26-30 )

søndag 1. januar 2017

GODT NYTT ÅR!!

Så er endå eit nytt år blitt notert. Nytt år som kanskje vert mykje likt året før??!! Me sjølve er truleg dei same- sjølv om me vert eldre dag for dag.

Noko nytt vil og truleg henda i løpet av 2017 - noko godt, og sikkert noko vondt. Nokre vil oppleva å mista nokon ein er glad i. Andre får oppleva at eit nytt familiemedlem vert født. 

"Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.." syng me i jula.

Midt i alt dette har me også fiendar. Ja, har me det?? Er det nokon som vil oss vondt i 2017?? Eg tenkjer ikkje på terror og slike ting, men det er ein fiende som er aktiv - og har vore på jakt etter oss så lenge me har levd på denne jord. Kanskje anar du kven eg siktar til?? Ja, det er djevelen og alle hans englar. Han gjer det han kan for å få oss bort frå Jesus - bort frå Guds ord og "De helliges samfunn".Samtidig har me også ein fiende i "nærmiljøet" Den verste fienden ber du djupt i din eigen barm, syng songaren. 

I dag vil eg ta med to andre "erkefiendar" Du har kanskje høyrt om dei??

Slik står det i ein gamal song: 

To erkefiender jeg har de heter OM og MEN.
De mange gleder fra meg tar, og intet gir igjen.
Når nådens mat jeg nyte vil, da kommer om og men
og fyller så min sjel med tvil. og gleden svinner henn.

Den sultne sjel får ingen ro til føden å ta inn
for om og men sier begge to: den er jo ikke din.
For du må angre synden din, og du må være god.
Og du må ha et hellig sinn, DA gjelder Jesu blod.

Men har du ikke angret nok, og mangler ydmykt sinn
da er du ikke blant den flokk som går i himlen inn.
For du må høste hva du sår, og streve tungt og trutt,
SÅ kan det hende at du får tilgivelse til slutt.

Så tok jeg med meg om og men og gikk til Jesus henn
Og da jeg til hans føtter kom da flyktet om og men.
Da fikk jeg se at Jesu blod har toet sjelen ren
og jeg fikk se at nådens flod er uten om og men.

Nå er jeg fri dem for en stund, de treske om og men
Og kommer de så går jeg kun den samme vei igjen.
For nådensolens klare skinn de flykte må som før
og sjelen går i himlen inn igjennom nådens dør.

Så er det viktig i det nye året : å ikkje undervurdera fienden, MEN også vera klar over at det er ein som har vunne over denne fienden!! Han, JESUS,skal me få setja vår lit til. Han skal me få venda oss til og Han har fått all makt i himmel og på jord! "Skulle noko vera for vanskeleg for meg, seier Herren allhers Gud"

 


GODT NYTT ÅR

søndag 15. mai 2016


1. PINSEDAG 2016



Det er 1. pinsedag - og det har vore stort sett ein "inne-dag" for min del. Helg eller ikkje... mat vil me stort sett ha uansett, så formiddagen gjekk med til å
ha til middag + høyra på Egil Svartdal + løysa kryssord i Dagen. Tru det eller
ei så vart eg ferdig med alt - (i løpet av dagen :-) Men å bli trekt ut som vinnar av
kryssordet er ikkje enkelt!!! Så ingen flaxlodd med million-gevinst her i garden,
nei. Ikkje sikkert det er så mykje å trakta etter heller??? Men nokre hundre tusen er ikkje å forakta!! Ja, ja. Nok om det. Var ute og tok tre bilder i ulik
retning idag. Og som du ser er det litt ymse





 Mot nord såg det slik ut. Frisk vind og
blå himmel. Men det var kjølig.



 Mot vest var det berre regn å sjå, så
det frista aldeles ikkje å gå ut...Snøen ligg fortsatt i fjellet, og det var berre
5-7 grader i dag tidleg











... og mot nord-aust var det ikkje
stort betre.  Så det beste var å fyra i
ovnen og kosa seg inne med kryssord
og nyta varmen innadørs.









Men i det heile:
Det livnar i lundar og lauvast i li her i Trøndelag og. Må nok snart til med plen-
klypparen. Den har vel vore i bruk lenge sør i landet, men ein del av dette fine landet vårt har ein sjarm nettopp med alle variasjonane - både naturmessig og
folke-lynne. "Fagert er landet du oss gav, Herre vår Gud og vår Fader.." Så sant
så sant!!
Men no vil politikarane at både fylker og kommunar skal slå seg saman... Blir
det noko betre av det, tru?? Erfaringar frå tidlegare samanslåingar er ikkje berre positive. Men makta rår............

Berre små kvardagsglimt herifrå. Signe har i alle fall etterlyst aktivitet på bloggen, så no er vel du fornøgd?? Kanskje det blir litt meir om ei stund. Så følg med, følg med!!












onsdag 3. februar 2016

Heisann! Lenge sidan sist!!
No for tida er det visst få som er på blogg - dei fleste er på facebook, visstnok.
Eg har ikkje tenkt å bli med der, men det er liten aktivitet her på bloggen min
og....  Om nokon er inne og les anar eg ikkje  Kunne jo vore litt interessant og
visst litt.... men.......

For tida held eg på og ryddar i gamle papir, brev m.m. Masse interessant lesnad
frå 1967 og framover........... Det var den gongen eg var ung........... No derimot
er eg jo blant dei mange "Vi over 60! " Og det er ein fin folkegruppe det og -
absolutt!! Men sannelig var det mykje kjekt då me var unge. Reiste på leir f.eks.
Ein annan ting eg har lagt merke til i breva eg fekk, at det var ein nød blant oss
unge om at det måtte koma vekkelse, og at "han og ho" måtte bli frelst. Skal tru
om den nøden er like sterk i dag??

Ute er det snø, litt vind og ellers småfuglar som fer og flaksar. Stor sett berre blåmeis og kjøttmeis, men ein og annan pilfink og gulspurv kjem og + eit par dompap og sidensvans..  INNE derimot har eg to kattar... Dei ville sikkert hatt
ein liten kjøttbit, men her får ingen pus ta ein fugl...Får rett nok høyra av og til
at pippip er pippip-mat for katten, men der har eg lagt ned forbud...

&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&

Nei. tilbake  til gamle papir.

Fann eit par songar som eg fekk  lyst å skriva ned her. Kan ikkje melodien, men
litt "artig" å ta vare på gamle songar.. Om tekst og "lyrikken" er rett, er ein annan sak. Tek dei likevel med!

Her kjem den fyrste:

 DEN EVIGE STAD

Den evige herlige stad jeg kan se, fra løftenes solfylte topp
Dens strålende prakt som tindrende sne for øyet å skue der opp

Kor: Tenk at jeg skal bli med! Tenk at jeg skal bli med!
         Til himmelens stad hvor alle er glade, med Jesus skal jeg være med.

Jerusalems herlighet venter en dag på Herrens forløste fra jord.
I snehvite klær i Guds velbehag om Lammet skal synge i kor

Der lider og gråter Guds folk ikke mer thi alle er lækte av Gud
Vi skuer oss mett av alt det vi ser og nyter som kongelig brud 

Og hva meg enn møter i livet med Jesus, jeg fremad vil gå!
For han har av nåde meg givet en herlig og seirende tro

                 ¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Neste dikt er som fylgjande:

JEG HVILER HOS JESUS


Jeg hviler hos Jesus, min trofaste hyrde. Ei finnes i verden så sikker en havn.
Ved Frelserens fot har jeg lagt ned min byrde, Og frigjort er sjelen fra uro og savn
Om fienden truer og larmer, Hos Jesus er trygghet og ro.
Og jeg er så trygg i hans armer, For der kan ei stormen meg nå



Jeg hviler hos Jesus når kraften er liten, og foten blir trett under vandringen her
Jeg kjenner hans favntak i heteste striden og føler hans nærhet og lyk'lig jeg er.
La verden kun true og larme, hos Jesus er hvile og ro
og jeg er så trygg i hans arme, thi der kan ei stormen meg nå.

Når ferden er endt og livs-solen seg senker,Jeg eier en fullkommen hvile til sist.
Når sjelen er løst fra de jordiske lenker Og frigjort seg svinger mot lys-landet hist.
Snart ser jeg Guds herlighet gløde fra  tronen, Da iler jeg frem
I porten meg møter et jublende: Velkommen hjem!

             ¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Den siste songen eg fann har nok ein del skrivefeil, men eg tek den med akkurat slik den står.
Nokre gode poeng er her tross alt....

JEG NU SYNGE VIL EN SANG

Jeg nu synge vil en sang, om mitt skjønne Himmel-land, om det kjære dyrebare Jesu navn.
Og en dag jeg gikk på kne, mine synder jeg fikk se, da kom Jesus, frelste meg fra dødens ve.

Kor:
Å, det kjære dyrebare Jesu navn, med min syndetid, all død og sorg og savn, og min gang,

da du min sjel, Jeg i frelse fikk min del, aldri glemmer jeg at Jesus for meg led.

Jeg ser Himlens herlighet, Jeg ser gater ut av gull, Jeg ser tåreglansen når min Frelser ut
der han går og gjør i stand, hjem for meg i Himlens land, når det ferdig er , da kan jeg vente ham

Kor:
Tenk når skyene de revner oeg det ber, Jesus kjemper og sit strålegleder der,

og vi løftes opp i sky, hvilket herligt salig dy, hjemme frelst og fri, det gamle er forbi

Derfor synger jeg så glad, om den skjønne Himmelstad, når jeg vet at Jesus venter på meg der.
Sangen bruser for min tro i det store himmelkor, hvilken herlig sang jeg aldri sunget har.

Kor:
Derfor kjære sjel . å fly til Golgata, der er sete for han dine synder bar

der du ene har all krands, Jesus kommer meget snart, henter bruden hjem, og lyk'lig jeg er da

                          ¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Ja, det er nok litt forskjellig kva tekst og innhald gjeld, men litt "artig" å finna ein slik song
midt blandt kakeoppskrifter