søndag 29. juni 2025

 Den som har levd ei stund veit - og har erfart - at dagar og periodar kan arta seg svært så forskjellig. Som menneske er me forskjellige, og den enkelte opplever at "alt" kan endra seg frå tid til tid. Enkelte gonger kan ein som kristen ha det slik som  fylgjande hjartesukk:


  • Jesus, eg er så einsam! Ja,ofte eg kjenner det slik -
  •  trass du i Ordet har lova at du dine aldri svik

  • Eg ville så gjerne få kvile  i ditt ord, men mørke og uro driv freden bort!
  •  Du sender nok dine i mørke og natt, men Herre, kvi lysnar det ikke att?

  • Skal eg då aldri - som andre - få ha syner i Ordet, så det gjer meg glad?
  •  Bibelen er jo ditt levande ord!Men for meg er det berre bokstavar og ord.

  • Å Herre,lat skriftene opp og for meg! Tal ved din Heilage Ande til meg.
  •  Opna du Ordet, og gjev meg din fred, så eg kan gle meg min Frelsar, i deg!

  • Jesus! Ta sløret frå augo bort, så eg får sjå inn i det du har gjort
  • Lat Ordet få tala til hjarta og sinn, og før meg til sist i din himmel inn!
Ja, slik kan ein nok kjenna det til tider. Å vera i "Guds skule" er ikkje alltid like enkelt. Men Gud veit kva han gjer . Han vil ha oss heim, og brukar dei midlar han ser er nødvendig for at me skal nå målet!



Så har eg ein gamal song som viser veg når livet kan synast tungt og vanskeleg...

Sjå opp kjære venn, sjå mot høgda, og kasta all uro og tvil!

Der lever din Far som har nøgda - av alt det som her du teng til!

Kor:

Hans auga det vaktar deg kjærleg! Ja, tenk du hans augnestein er!

Hans kjærleik den fylgjer deg særleg når fårar og vanskar er nær.


Lyft blikket ditt opp over gruset, og høgt over kvardagen grå.

Sjå opp mot det himmelske huset - snart skal du din Frelsar få sjå


Snart kjem han med æra og velde, og hentar si dyrkjøpte brud.

Då vondskapens hærar er selde,eg alltid får vera hjå Gud.


Kva gjer det om hytta vil falla,og leggjast i oske og grus.

Eg ventar på Jesus som kallar meg inn i sitt herlege hus.


Så lever eg glad her i verda og trur at min Frelsar er nær.

Han trutt skal meg leia på ferda, og føra meg heim der han er.




 På veggen i stova vår har me eit bibelord innramma - eit som nok fins i fleire heimar. Det er frå Esaias 43.1 På bokmål står det slik: Jeg har gjenløst deg, kalt det ved navn, du er min.

Det hender ofte at eg har problem med å ta til meg, og tru , at dei mange løftene som står i Guds ord gjeld meg. Tenkjer at dei vart sagt til den og den personen - der og då. Slik og med dette ordet frå Esaias.

Dette vart sagt til profeten - til Israelsfolket - Men når me veit at det også står at Jesus kjøpte oss fri med sitt eige blod, då han døydde for oss på korset, har han i sanning "løyst oss ut".  Det står og at me er dyrt kjøpt.  Når du har kjøpt og betalt ein ting så er den din! Jesus kjøpte oss fri frå Satans makt - sette oss over frå mørke til lys. Han er ei soning for våre synder. Og når han har løyst oss ut, kalla oss ved navn, skal me få tru dette: Eg er hans barn. Han vil verna oss frå farar, bevara oss og ta imot oss når me kjem til han. Både i sorg og i glede.

mandag 27. mars 2023


Vinter
Vinter
                                                                     
Soloppgang

nok ein soloppgang

Så var det vinter og kulde

Soloppgang på Fleisje

Hassel-nøtter på Fleisje


Fyrste vinteren i det nye Alvsby-huset vårt

 

søndag 5. mars 2023

 Kveldstankar.....

Det hender innimellom - kanskje ofte - at når ein høyrer ein tale, vert det stilt spørsmål til tilhøyrarane. Har eit minne frå då gutane våre var små. Me var på møte heile familien, og forkynnaren stilte bl.a  spørsmålet: ."Hører du?"  Då kjem det høgt frå vesleguten: "Ja!"...  Det vart litt latter ut av dette, for dei som fekk det med seg.. Talaren fekk i alle fall respons..!

Andre spørsmål som kan bli stilt er: Er det lenge sidan du måtte tala ut med Jesus om dine synder?
Er det lenge sidan du sa eit ord om Jesus til ein ufrelst? Har du fått sett inn i evangeliet eller er dette berre noko du kan? Er Jesus blitt stor for deg? Slike spørsmål kan vera nødvendige og ransakande. Vekkelsestonen må få lyda! Det går an å bli sløv og sovna! Men kanskje kan det og føra til unødig anfekting for nokre? Me er så forskjellige - både som menneske, med ulike lynne. Og me kjem frå forskjellige bakgrunnar. Så ein kan spørja om det er slik at alle skal ha samme erfaringar og opplevelser..

Mange kan vitna om både dag og tid då dei fekk tru seg frelst. Dei fekk gå over frå døden til livet, og kunne vitna om at no var Jesus blitt deira Frelsar. Ein ny nød var komen. Ny lyst til Guds ord og til å samlast med dei truande. "Alt ble forandret, da Jesus kom inn" som det står i songen.

Men det er ikkje alle som har ein dag eller ein periode der dei kan sei at DÅ fekk eg sjå/tru meg frelst. Det er heldigvis fortsatt ein del som får veksa opp i kristne heimar, får tru at dei høyrer Jesus til og vil fylgja han heile livet. Dei har ingen omvendelse å visa til. Ingen spesielle opplevelser der dei særleg fekk kjenna Jesu nærvær. Men dei må "tru kaldt" - som ein har sagt - det som står skrive i Bibelen. F.eks. ordet frå Salme 34.23 Ingen av dei som tek si tilflukt til Han, vert dømt skuldig  eller "Den som kjem til meg vil eg slett ikkje støyta ut (Joh.6.37)

Så eg har lurt litt på om det av og til kan bli eit problem for enkelte som ikkje har desse erfaringane som andre får... Du må ha det sånn og sånn, ha den og den erfaringa, oppleva det og det for at det skal vera rett med deg som kristen. Det er mest som om ein må fylgja ei slalom-løype, at du må innom alle portane for at løpet skal bli godkjent.... Går det an å gjera "Den smale veg" for smal???

Hugsar Carl Fr. Wisløff fortalde om ein svensk far som gjekk tur med sonen sin ein vinterdag. Guten drog ein liten plog etter seg og seier: Pappa! Jag gjør en smal veg på den breda!  Dette anvendte Wisløff på livet - at det går an å laga seg ein "kristendom" mens ein fortsatt går på den breie veg.. Og den faren truar nok i dag og. Men går det an å gjera den rette smale veg for smal???  Eg har ikkje svaret!.....

Det er neppe nokon som les dette... så det blir berre tankar og spørsmål frå meg sjølv... Men det er av og til greitt å "få ut" tankane og... hvilket herved er gjort....  :->>)

Klippe du som brast for meg, la meg gjemme meg i deg.
La det vann og blod som går fra din sides åpne sår
bli for meg en helseflod som gjør sjelen ren og god

Intet godt jeg bringer deg. Til ditt kors jeg klynger meg
Naken jeg om kleder ber, Hjelpeløs til nåden ser.
Uren flyr jeg til ditt blod! Rens meg Frelser i den flod!
##############################################

Jesus, du som har meg kjær Til ditt hjerte vil jeg fly
Høyt går havets bølger her, Truende er stormens gny.
Skjul meg i din frelserfavn Inntil stormen legger seg!
Før meg inn i himlens havn, La meg ankre trygt hos deg.

Annen tilflukt jeg ei vet Hjelpeløs jeg flyr til deg.
Du kan gi meg liv og fred. Du,kun du kan hjelpe meg.
Verden ingen trøst kan by All min lit til deg er satt
Skjul meg i din vinges ly Vær mitt lys i mørke natt



onsdag 7. desember 2022

 Hei, hei... No er det LENGE sidan eg har vore innom bloggen. Kanskje eg har vore tom for....  ja, tom!

Det er ikkje alltid "skriveånda" er tilstades, og enkelte gonger kan det vera noko ein kunne tenkt seg å skriva, men det kan bli litt for personleg, kanskje... Det er tross alt ikkje alt ein bør dela sånn "offentleg". Men idag fekk eg lyst å skriva litt... Det er advent, og mange tenner lys og syng advents-song. Ein som mange brukar er denne: No tenner vi det første lys. Teksten er enkel, men det er liksom noko som ikkje stemmer, for det står at me ventar på at Gud vår Far, vil sende Sonen sin..... og vidare... Vi ventar på at Kongen vår skal fødast i ein stall.

Dette ventar me ikkje på lenger - det er noko som har skjedd, og som ikkje kjem til å skje igjen.... Så eg har skrive om teksten litt. Det er neppe fullgodt, men kanskje litt betre... Slik syng me hos oss:

No tenner vi det første lys 
åleine må det stå
Vi tenkjer på det vesle barn
i krubba lag, på strå

No tenner vi det andre lys
dei står der stilt og skin
Vi takka vil vår Gud og Far
som sendte Sonen sin

No tenner vi det tredje lys
det er eit heilagt tal.
Vi tenkjer på vår konge stor
som føddest i ein stall

No tenner vi det fjerde lys
og natta vart til dag
Vi takka vil vår Frelsarmann
for alle folkeslag

                       Det er ikkje sikkert du synes dette var betre... så du må berre syngja det du vil.

                                 Dette var alt for idag.. Kanskje blir det litt meir etter kvart!?






...



onsdag 30. august 2017

 

"En sommer er over"....???

Kanskje vil du sei at det har ikkje vore nokon sommar i år!!  Tja, sommaren har nok vore så ymse kva ver og temperatur angår, men sommar har me hatt - både med sol og regn!! Mange har hatt ein god ferie heime. Andre har vore på ein lang og kanskje strevsom tur - men dog ferie..!! Atter andre har hatt ein god og fredeleg ferie på tur - på bibelcamp ? på andre kristne arrangement?-. Uansett: me har det veldig godt her i Norge!!!!
Sjå på naturen! Det myldrar av fargar, liv- smått og stort - sjø, vatn, tre, bakkar, knausar og fjell. Svaberg - stille sjø - ein fisk som hoppar. Mognande frukt og bær som vert klar for hausting. Skogsbær og hagebær... Fri tilgang til mykje av dette... Har me grunn for å klaga?? Nei, me har absolutt ikkje det, men gjer det likevel. Eit eksempel på litt misnøye finn du nok også i fylgjande:

Når dagane er kalde, og regnet strøymer ned -
og sola den er borte - eg ventar betre ver!!
Eg sit og strikkar sokkar - kva anna kan eg gjera?
- Når sola den er borte og eg ventar betre ver..!

Det er nok sommar-månad, men ingen varme kjem.
Så turen ut til sjøen den må nok venta,den!
Ein badetur må venta, den freistar ikkje no!
- Så eg får strikka sokkar, mens regnet dett ned no!


  Slik var det ved hytta uti Furudalen sist søndag !
Er det ikkje fint?? EIN god-versdag....
Her er eit kunstverk i naturen.. Gamal og mett av dage??!!!

Eit kunstverk dette og - men innadørs! Fall for fristelsen til å kjøpa ei hawai-rose til meg sjølv... og den har kome med 2 blomstrar + fleire knoppar underveis!!


Det vart litt molter i år og. Ikkje dei kjempestore mengder, men dog...
Det vert nok til både moltekrem julekvelden og litt meir...


Og til slutt: dei "gode gamle revebjøllene" som er sjelden syn her nord, men
som me hadde meir enn nok av heime på Fleisje..

Ha ein god dag der du er!!

"Sjå på fuglane under himmelen! ikkje sår dei og ikkje haustar dei, ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen gjev dei føde. Er ikkje de mykje meir enn dei?

Legg merke til liljene på marka, korleis dei veks.! Dei strevar ikkje og spinn ikkje...Ikkje eingong Salomo var kledd som ei av dei.


Men kler Gud graset på marka, det som står i dag og i morgon vert kasta i omnen, skal han då ikkje mykje meir kle dykk - de lite truande.."
(Frå Jesu bergpreike i Matt.6. 26-30 )

søndag 1. januar 2017

GODT NYTT ÅR!!

Så er endå eit nytt år blitt notert. Nytt år som kanskje vert mykje likt året før??!! Me sjølve er truleg dei same- sjølv om me vert eldre dag for dag.

Noko nytt vil og truleg henda i løpet av 2017 - noko godt, og sikkert noko vondt. Nokre vil oppleva å mista nokon ein er glad i. Andre får oppleva at eit nytt familiemedlem vert født. 

"Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.." syng me i jula.

Midt i alt dette har me også fiendar. Ja, har me det?? Er det nokon som vil oss vondt i 2017?? Eg tenkjer ikkje på terror og slike ting, men det er ein fiende som er aktiv - og har vore på jakt etter oss så lenge me har levd på denne jord. Kanskje anar du kven eg siktar til?? Ja, det er djevelen og alle hans englar. Han gjer det han kan for å få oss bort frå Jesus - bort frå Guds ord og "De helliges samfunn".Samtidig har me også ein fiende i "nærmiljøet" Den verste fienden ber du djupt i din eigen barm, syng songaren. 

I dag vil eg ta med to andre "erkefiendar" Du har kanskje høyrt om dei??

Slik står det i ein gamal song: 

To erkefiender jeg har de heter OM og MEN.
De mange gleder fra meg tar, og intet gir igjen.
Når nådens mat jeg nyte vil, da kommer om og men
og fyller så min sjel med tvil. og gleden svinner henn.

Den sultne sjel får ingen ro til føden å ta inn
for om og men sier begge to: den er jo ikke din.
For du må angre synden din, og du må være god.
Og du må ha et hellig sinn, DA gjelder Jesu blod.

Men har du ikke angret nok, og mangler ydmykt sinn
da er du ikke blant den flokk som går i himlen inn.
For du må høste hva du sår, og streve tungt og trutt,
SÅ kan det hende at du får tilgivelse til slutt.

Så tok jeg med meg om og men og gikk til Jesus henn
Og da jeg til hans føtter kom da flyktet om og men.
Da fikk jeg se at Jesu blod har toet sjelen ren
og jeg fikk se at nådens flod er uten om og men.

Nå er jeg fri dem for en stund, de treske om og men
Og kommer de så går jeg kun den samme vei igjen.
For nådensolens klare skinn de flykte må som før
og sjelen går i himlen inn igjennom nådens dør.

Så er det viktig i det nye året : å ikkje undervurdera fienden, MEN også vera klar over at det er ein som har vunne over denne fienden!! Han, JESUS,skal me få setja vår lit til. Han skal me få venda oss til og Han har fått all makt i himmel og på jord! "Skulle noko vera for vanskeleg for meg, seier Herren allhers Gud"

 


GODT NYTT ÅR