Den som har levd ei stund veit - og har erfart - at dagar og periodar kan arta seg svært så forskjellig. Som menneske er me forskjellige, og den enkelte opplever at "alt" kan endra seg frå tid til tid. Enkelte gonger kan ein som kristen ha det slik som fylgjande hjartesukk:
- Jesus, eg er så einsam! Ja,ofte eg kjenner det slik -
- trass du i Ordet har lova at du dine aldri svik
- Eg ville så gjerne få kvile i ditt ord, men mørke og uro driv freden bort!
- Du sender nok dine i mørke og natt, men Herre, kvi lysnar det ikke att?
- Skal eg då aldri - som andre - få ha syner i Ordet, så det gjer meg glad?
- Bibelen er jo ditt levande ord!Men for meg er det berre bokstavar og ord.
- Å Herre,lat skriftene opp og for meg! Tal ved din Heilage Ande til meg.
- Opna du Ordet, og gjev meg din fred, så eg kan gle meg min Frelsar, i deg!
- Jesus! Ta sløret frå augo bort, så eg får sjå inn i det du har gjort
- Lat Ordet få tala til hjarta og sinn, og før meg til sist i din himmel inn!
Sjå opp kjære venn, sjå mot høgda, og kasta all uro og tvil!
Der lever din Far som har nøgda - av alt det som her du teng til!
Kor:
Hans auga det vaktar deg kjærleg! Ja, tenk du hans augnestein er!
Hans kjærleik den fylgjer deg særleg når fårar og vanskar er nær.
Lyft blikket ditt opp over gruset, og høgt over kvardagen grå.
Sjå opp mot det himmelske huset - snart skal du din Frelsar få sjå
Snart kjem han med æra og velde, og hentar si dyrkjøpte brud.
Då vondskapens hærar er selde,eg alltid får vera hjå Gud.
Kva gjer det om hytta vil falla,og leggjast i oske og grus.
Eg ventar på Jesus som kallar meg inn i sitt herlege hus.
Så lever eg glad her i verda og trur at min Frelsar er nær.
Han trutt skal meg leia på ferda, og føra meg heim der han er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar