søndag 26. februar 2012

Idag har eg vore på skitur til Øyenskavl-hytta. Kjempefint ver og flott tur!! Det var mykje folk som tok turen ut i fin-veret. Ingen tvil om at det gjekk adskilleg med kaffi og vafler på hytta denne dagen.
Folk - og dyr - i alle aldrar var å sjå.
Eg kom meg vel fram og tilbake, men i to "kneikar" valgte eg å gå til fots.  Ikkje særleg å gå overende
og ingen skam å GÅ heller.... :-)
Då me kom heim fekk Lady og eg ein tur til trimboksen her. Ein glad hund ..
I kveld kjem vertsfolket og hentar hunden, så då er hundelivet slutt her for denne gong..!
Kjekt med hund, men litt greitt å berre ha den til låns nokre dagar - og så levera den tilbake!
.. Det brukar besteforeldre å sei etter dei har passa barnebarna sine og, har eg høyrt :-)
Fortsatt god dag.......... i finveret ..... eller i ruskeveret!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar