onsdag 5. september 2012

Musikk - til glede og/eller irritasjon ??!!


Eg har alltid vore glad i song og musikk. På skulen og i heimen fekk eg lært både norske folkeviser og kristne songar og salmar. I heile min oppvekst var det skilje mellom "kristen" og "verdsleg" musikk.  Folkevisene låg vel på eit mellomplan...  Mellom bakkar og berg.  Pål sine høner.  Småspurven gjeng i tunet, Alle fugler. for å nevna nokre. Men kvar til sitt bruk. Me song ikkje
folkevisene på søndagsskulen og kristne møter....

I den kristne forsamlinga var det vanleg med både salmar, åndelege viser og evangeliske songar.
Tonefylgje var, til fellessongen : orgel eller piano. Musikklag vart starta med både trekkspel,
gitar, kanskje fiolin, mandolin og også piano.  Høgtalarar derimot var skjelden brukt i min ungdom. Me song med den stemma me hadde..og det høyrdes bra!

Eg fekk vera med på leir og Ungdommens Landsmøte (som det heitte før)  Også der var det piano
som var hovedinstrumentet til fellessongen.  På Generalforsamling vart det etter kvart vanleg med
trompet i tillegg til piano, til fellessongen. Kanskje med ein eller to forsongarar også. Og det vart ein god og oppløftande forsamlingssong!!

Idag har det vorte heilt anna opplegg på kanskje dei fleste møtene. I alle fall på større møter.  Piano er slettes ikkje nok. Nei, det må også vera forsongarar, kanskje gitaristar med både bass-gitar og el-gitar,slagverk og trommer. Og alle må vera tilkopla forsterkarar! Ikkje nok med det, men lydstyrken
må vera høg! Ikkje sjelden er det blitt slik at når du kjem på eit møte litt før start, held musikarane
på og øver. Vil du då snakka med dei du møter, er det nesten uråd  pga. musikken. Er det slik me skal
ha det i den kristne forsamlinga??

Når det blir brukt høg, og ofte sterk rytmisk musikk minner det meg altfor mykje om verdslege
konsertar, og det har hendt at eg har gått ut frå møtet pga musikken. I mange andre tilfelle har song
og musikk ført til at det som vart forkynt i talen har kome heilt bort i etterkant.

Kor eg skulle ynskja at det igjen kunne bli ein god og forkynnande song - ledsaga av - gjerne frisk -
men "understrekande" musikk i staden for dette bråket og denne støyen som er blitt så vanleg!!
Eg reagerar faktisk litt negativt når eg kjem inn i eit forsamlingslokale som er i bruk til kristne samvær, og det står trommer, slagverk og forsterkarar på senen..Ikkje alltid betyr dette noko negativt,
men ofte, desverre....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar