søndag 30. juni 2013




På tide med nye kvardagsglimt??


Kvardagsglimt er overskrifta på bloggen min.  Det har visst vore lite glimt herifrå i det siste..... Kanskje for travelt??? Eller har det noko med prioriteringar å gjera? Må prøva og leggja ut litt bilder i alle fall.

Me vart ferdig med slåtten i år og. Fyrst siloslått - som også i år gjekk svært godt,mykje p.g.a. god hjelp av både Alf Martin og Odd Gunnar. Godt med store sterke karar!!  Men av ein eller annan grunn er det kjærringa sjølv som er plassert i siloen og hiv rundt graset............  Ja, ja. God trim - utan tvil, og det kan jo av og til vera "godt" å kunna leggja seg skikkeleg sliten i kroppen og  -  eller??

Må tilføya at mot slutten var det karane som tok støyten - både med traktor-
køyringa og siloarbeidet. Godt å kunna hjelpa kvarandre. Etter silolegginga vart det sett opp 4 hesjar - ikkje så store, men godt med høy til både kalvar og sjuke kyr - når det oppstår



Hesjing er eg godt vant med frå heimegarden på Fleisje. Her er det adskillig annleis drift - både med lengde på hesjane, lengden på graset og ikkje minst kor mykje ein skal "pressa" oppi hesja!! Lærte at graset skulle ristast godt, og ikkje hesjast for tjukt...  Men i Trøndelag tørkar det visst betre enn på Fleisje..?! Å hesja med gaffel nyttar ikkje for meg, så her er det berre handmakt som duger..Eg blir nok ingen ekte trønder......


Denne høyriva - eller hjulriva - som den også er kalla, er eit av dei gamle red-
skapane som er på garden. Den har vore i bruk i mi tid og, men helst berre for
å visa korleis den fungerer!Det var i alle fall enklare å bruka den enn å gå med riva og raka!!


Her er dagens utstyr. Me er godt utstyrt med traktorar. Totalt har me vel 6 stk.
Kunne tru me er storfolk av rang.... Har 2 Volvo, 1 Valmet, 1 Valtra (kjøpt i år, men ikkje ny!)1 Massey Ferguson og ein Case 1938 modell (trur eg..) Så når gutane er heime i onnene går det fort unna.Ein kan køyra og pløya mens andre mann tek slådden - el. harva . Personleg held eg meg borte frå desse køyretøya. Kan nok - og har også køyrt traktor, men kvifor skal eg køyra når "alle dei andre" gjer det!!???  Må ha eitt felt der eg stiller blankt :-)


For tida har me hunden Lady i pensjon. Familien Mork er på ferie og då får me låna hunden. Koseleg! Den er veldig glad i denne ballen som me har, og ellers får me begge god trim. Snart kjem feriefolket tilbake, så då får me klara oss med dei dyra me har. Hadde ein heil "haug" med kattar ei stund, men desverre er mødrene så ivrige etter å få ungane med seg ut på jakt at kattungane forsvinn. Så no har me berre ein igjen. Den er og borte pr. idag, men trur den kjem tilrette igjen om ei stund. Godt med kattar som held musa borte!

Her er Case'n. Ein stasleg "kar" som får oppstilling kvar sommar, og det hender det er folk som kjem bort for å sjå på vedunderet! Men til opplysning, den er ikkje til salgs!!  "Storbilen" vår har me fortsatt. Den kjøpte me i 1988 og den har vore god å ha på både langturar og ellers. Går fortsatt.... (stoppar sånn av og til når den ikkje vil vera heilt på lag med sjåføren....)

Dette får klara seg med kvardagsglimt denne gongen. God sommar fortsatt til deg som les. Det hadde jo vore litt kjekt og visst kven som er innom bloggen og, så veldig positivt med eit livsteikn frå deg. NB! ikkje skriv anonym! Det er så kjedelig... :-)











1 kommentar:

  1. Godt å lese om hvordan det går på gården :) Flott å bli ferdig med slotten i år og vil jeg tro? :) Nå er jeg ferdig som ettåring på Soltun, men bor her framdeles. Skal ligge over hos ei venninne mens jeg skal jobbe på sykeheimen i sommer. Akkurat nå er jeg blitt syk, typsik! Så jeg måtte si i fra meg vakten som jeg har i morgen. Slik er det. Skal bli frisk snart, forhåpentligvis :) Klem fra meg!

    SvarSlett