fredag 3. januar 2014

Godt nytt år 2014

Ja, så har me starta på endå eit nytt år. Etter kvart vert det mange års-skifte for meg - og fleire med meg. Trur nok at refleksjonane rundt års-skiftet også har endra seg ein del med åra. Nyttårs-forsett har eg visst aldri hatt -:-), men eg hugsar frå ungdomstida at det var kanskje litt meir alvor over å gå inn i eit nytt
år. Har vore med på ungdomsleirar der me hadde bønn på kne idet me gjekk inn i det nye året. Andre gonger var me med på midnattsgudsteneste og deltok
der i overgangen til eit nytt år. Alvoret med eit nytt levd år - og så eit nytt ubrukt år, trur eg var meir i fokus då!? Kva har eg brukt året som gjekk til, og kva vil Gud med dette året som eg startar på?? Trur faktisk slike spørsmål var
meir i fokus for min del før. No går det liksom utan større refleksjonar..

Skal tru om det er berre eg som idag er meir opptatt med rakettane som vert sendt opp?? Samtidig som eg er sterkt imot alle bortkasta pengar som går med til fyrverkeri og rakettar, kan eg ikkje nekte for at det kan vera fint å sjå på....
Ser me på dagen - året - som ein sjølvsagt ting - der alt liksom skal gå i den vanlege tralten? At ikkje alt ER sjølvsagt veit me jo godt i teorien, men skal tru
om ikkje det sjølvsagte likevel ligg der??!!!

At julehelga og det nye året skulle bli som det vart for min del hadde eg aldeles ikkje sett for meg. 21. des. var eg å henta posten, og ved postkassen fekk eg også "utdelt" eit fat som høyrde til på grendehuset vårt. Nokre leigetakarar hadde lånt det med seg heim, og skulle levera det tilbake. Ja, det var greitt nok! eg hadde hender både til post og fat! Ikkje så langt frå huset var det is... under snøen.. Ja, så skjedde det som ofte kan skje: foten for under meg og der låg eg. "Der for foten, og der for konserten" sa eg med det same.... Me hadde nemleg tenkt oss på julekonsert med Nidarosdomens guttekor i Trondheim dagen etter - den 22.  Ja, ja... Det er jo lov å håpa og planleggja, men det hjalp
lite der eg låg. Posten låg strødd - men fatet var heilt :-) !! Heldigvis var både
Odd Gunnar og Oddvar like i nærheten, så dei fekk meg opp og inn med det
same. Deretter vart det ambulanse og sjukehus. Brudd vart konstatert og 8 veker utan belasting av foten vart resultatet. I morgon har eg "berre" 6 veker
igjen....!!
Eg har tidlegare på bloggen skrive om å ikkje gløyma Guds velgjerningar. Og
må minna meg sjølv på det igjen. Får me vera friske og gå til det daglege arbeid, er det ei stor gåve frå Gud!! Vel kan arbeid vera eit ork og eit slit så mang ein gong. Men likevel ei stor velsigning!! Så gløym ikkje å takka for dei
"sjølvsagte" tinga i kvardagen!
Denne perioden med krykker og "rulerande" stol har og lært meg at sjølv om eg no har god tid til både å lesa i Guds Ord og be, er det ikkje lett å prioritera nettopp det!!! Data, handarbeid og anna lesestoff er så mykje enklare å gripa til
"Strid for å koma inn gjennom den tronge port og gå på den tronge veg!"
Ein REK ikkje til himlen på ei fjøl, som ein sa. Nei, det er kamp - både frå verda utanifrå og sanneleg meir enn nok også innanfrå!!

Håpar alle som måtte lesa dette slepp gips og krykker, eller andre
komplikasjonar og sjukdom i 2014.
Men så kan me også ta med:

Jeg er i Herrens hender i alt som med meg skjer
i smil og gråt jeg kjenner at Herren er meg nær

Godt nytt år!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar