søndag 26. august 2012

Bærplukking - innhausting....

Det går mot haust - nok ein gong. Ei travel tid for dei som vil hausta bær og frukt!
Eg er ferdig med molte-sesongen. Det vart ein del å henta også i år, og kjekt å ha eit lager i
fryseboksen... Kanskje får du når du kjem på besøk??!!
Den som ikkje vil plukka noko, får heller ikkje noko på "lager". Får kjøpt det meste på butikk,
men er det like godt??  Nei! spør du meg!! I tillegg gjer det godt for både kropp og sjel å
koma seg ut..!


Ellers er det rips som står for tur - i tillegg til blåbær og bringebær. Er det godt ver og mykje
bær, er det veldig kjekt å plukka. Litt tyngre når ein nesten får neglebitt når ein held på.
Vert det ver til det på mandag, kan det bli ein tur til Furudalen for å plukka blåbær. Det var
litt lite oppi skogen her heime. Me får sjå.


Fekk du lyst å ta ein tur ut i bærskogen no??? 

Når det gjeld våre liv kjem det og ein haust - ei avslutning. Er me like flinke å ha dette i tankane?
Me må hausta det me sår står det skrive.  Sår me gode frø - - -??
 
"Når høsten er endt, og vår sommer forbi, når preken og bønn er ei mer.
når håpet for evig er ute fordi vår Frelser ei innbyder fler.
Ja, når høsten er endt, og vår sommer forbi.
Å, er du da med til Jerusalems fred,der livs-solen aldri går ned?
 
Når pinseværs sus har for siste gang gått utover all verden - å hør!
Den reddende hånd har sitt siste slag slått på synderens tillukte dør.
Ja, når høsten er endt, og vår sommer forbi
Skal du bli blant dem som da salig når frem til himmelens herlige hjem?
 
Når sjeler ei mer renses hvite som snø for verden av Gud er forlatt.
Si, skal du da smake den evige ve, gå bort i fortapelsens natt?
Ja, når høsten er endt og vår sommer forbi
Hvor salig da den som når alt farer hen, har Jesus og himlen igjen.

søndag 29. juli 2012

I Dagen stod det for ei stund sidan eit stykke som Thomas Bjerkholt har skrive. Vel verd å leggja
merke til. Derfor tek eg det med her:

BEDØVENDE ANDAKTER
I den senere tid har jeg fått anledning til å høre en del på morgenandaktene i NRK. For å si det rett ut: de uroer meg. Ikke ved det som blir sagt, men på grunn av alt det som forblir usagt. For det tales til det norske folk i et inkluderende spåk. Vi er visst alle innenfor. Det tales mye om Gud og hans kjærlighet, lite om Kristus og soningen. Mennesket bekreftes som skapt i Guds bilde og enestående. Men det hviskes kun om at vi er fortapte synderer. Spenningen i Bibelens antropologi er mer eller mindre borte.

Det er rett at vi er skapt i Guds bilde, og dette kan ha vært underkommunisert i deler av norsk forkynnelse. Men hvis dette ikke balanseres med en sann undervisning om vår grunnskade som syndere, blir bildet falskt.

Det lyder en lys og varm skakpelsesteologi mot oss fra NRK, men kallet til frelse, tro og omvendelse er tilsvarende svak. Det tales mye om kjærlighet, lite om korset og kallet til tro på Jesus. Dermed står forkynnelsen i fare for å virke bedøvende på lytteren.

Den som bedøves blir passiv og uten bevegelse. Slik blir det også med den som får høre at man er elsket - uansett (!) - der man er og som man er. Det er sant: Kristus møter oss der vi er. Men han er for god til å la oss forbli der vi er. Det lyder et "Følg meg!" til enhver fra Mesterens munn.

Den forkynnelse som ikke lar dette lyde, vil både bedøve dem, og berøve tilhørerne for Jesu forvandlende makt. Den terapeutiske forkynnelse vil trøste, bekrefte og løfte mennesket. Vel og bra. Man vil gi mennesket en god og sunn selvfølelse. Vi hører det stadig: Det er forskjell på sunn syndserkjennelse og selvforakt. Samtidig med dette synes flere og flere å leve med et skjørt og lite robust selvbilde.

Mange tåler lite av kritikk og irettesettelse. Sårheten sitter løst. Da spør jeg meg selv: Kan det være at det ensidige fokus på menneskets verdighet gjør det mer sårbart?

En forkynnelse som også løfter frem "den onde lyst i vårt hjerte" vil etter min mening gi den enkelte et mer realistisk selvbilde og bidra til større motstandskraft når ting butter imot. Det mennesket som vet seg feilbarlig går ikke så lett til bunns på nederlagets dag. For Kristus er synderes venn og veiviser.

søndag 8. juli 2012

.. Så er både siloslått og hesjing unnagjort endå ein gong. Det vart godt mannskap også i år. Godt å ha arbeidsvillige gutar som tek eit tak!! Det vart minimalt med regn mens me heldt på. 
Dagen då eg skulle hesja såg eg for meg ein svært varm dag. For kl.9 var det alt 19 grader ute.
Men takka vere litt vind og i tillegg lett skydekke etter kvart, vart det godt arbeidsver. Og med god
hjelp av mann og son (Alf Martin) fekk me sett opp og fylt opp tre mindre hesjar. No trengs det
regn på marka, men ikkje på hesjane.... :-)

Ellers realiserte eg ein "draum" no ein kveld. Me har eit fjell på ca 687 moh. med
radiosendar og ein varde på toppen.  Der har eg vore ein gong ilag med Oddvar. Den dagen bles
det så me måtte nesten halda oss fast til varden for ikkje å blesa bort. Men så har eg lenge hatt lyst
og vore oppå fjellet midtsommars og kanskje fått sett solnedgangen.  Så torsdag kveld gav eg meg
iveg. For åleine, for Oddvar har ikkje kne til å gå hverken opp eller ned...
Starta frå parkeringsplassen kl.21, og var den "glade vandrar" oppover.  Men det vart både varmt
og langt sjølv om det er bilveg oppover! Brukte 1 time og 25 min. og det er brukbart, trur eg!!

Vel oppe var det godt både med tørt kles-skift, litt ekstra med kler for å nyta både sol og kveldsmat.
Litt vind vart det, men klarte å halda varmen. Det var godt eg tok med ekstra kler og rikeleg med
vatn !
Vart litt oppgitt då fotoapparatet ikkje fungerte. Fekk melding om kortfeil!! Og det var lite populært
Tenkja seg til å ikkje få tatt bilder når eg endeleg var komen opp - og til og med sola skein!!! Akk ja!
Men eg kom opp litt for tidleg, for det vart for lenge (synes eg!) å venta heilt til sola gjekk ned. I
tillegg såg det ut for at det vart skyer i hav-synsranda. Så eg beg. å gå heimover ca 23.30. Fekk med
meg fin sol eit stykke på veg, og i tillegg kom månen opp etter kvart.

Ein flott tur - sjølv om det vart noko langt! Kjente det godt i div. musklar dagane derpå. Men ukrutt
forgår ikkje så lett. Så no har det blitt omtrent som normalt igjen.. !
Er det nokon "der ute" som les dette, er du velkommen med på ein tur opp i "fjellheimen" her på
Namdalseid :-) 







mandag 25. juni 2012

Fleire sitat frå tilhøyrarbenken....

Når du kjem til Jesus med livet ditt skal du få ha
1. Ei tilgitt fortid - Jesus har sona for all synd
2. Ei innvia nåtid - få leggja bort alt som tyngjer
3. Ei trygg framtid - i Guds omsorg
                    *****************************

For Herren er det ingen stengde dører eller situasjonar - berre stengde hjerter..

               ******************************

I staden for at du let bekymringane kvele Guds ord, skal du få kvele bekymringane med Guds ord!
I staden for at Djevelen skal få ta Guds ord frå deg, skal du få bruke Guds ord til å driva Djevelen bort!
                       ****************************

Testen på om du virkelig er kommet inn i den guddommelige kjærligheten, er om du evner å elske
i motgang og under motstand. Elsk deres fiender, sier Guds ord!
En kjærlighet som bare kan elske når man selv blir elsket er ennå ingen kristen kjærlighet.
En kjærlighet som bare kan elske når andre elsker meg, er ennå ingen kristen kjærlighet.
Guds mål med deg er at du skal bli lik Jesus.
Du får ingen bedre anledning til å bli lik Jesus enguddommelige kjærlighet
som frykter Gud og elsker hans bud.n å lære å elske i motgang og under motstand
og i de vanskelige relasjoner. Det var dette dere ble kalt til ... den guddommelige kjærlighet som frykter Gud og elsker hans bud.
                          ****************************

Kjenneteikn på ein ny skapning:
1. Den nye takkesongen i hjarta for frelsa. Takken til Jesus!
    Det er ting som kan få takkesongen til å tagna: Synd og sjølvopptatthet!
2. Den nye hunger og tørst etter jesu nærhet.
    Kjem Jesus på avstand vert ein redd
3. Kjenner åndeleg næringstrong - har bruk for næring!
4. Ein ny lidelse: a) over oss sjølve - ein hellig lidelse som gjer oss avhengig av nåden.
   b)  for dei ufrelste.   ... Har eg gjort det eg kan..??

**************************************
Bønn tåler ikkje fusk! Be i ånd og sannhet. Bønnen er øm!

**********************************************
Gud har hovedansvaret for at du skal bli frelst, men du er medansvarlig!
1. Ditt forhold til Bibelen
2. Ditt forhold til Bønnen
2. Ditt forhold til De helliges samfunn
3. Ditt forhold til sakramentene
***********************************

Ingen treng hjelp til å finna fortapelsen...!

******************************
Eg er ikkje eine-arving til himlen, men medarving!

*******************************
Tek Gud imot alle syndarar?  Nei - berre dei som kjem til han...

********************************************'

søndag 24. juni 2012

Om nådegåver.

Har eit inntrykk av at når det gjeld forkynning om nådegåver, havnar ein enten i den grøfta at ein fokuserer berre på nådegåver til å helbreda og tala i tunger, eller så vert det ikkje snakka om nådegåver i det heile.  Godt mulig eg tek feil. Det står i alle fall ein del om nådegåver i Guds ord. Det står faktisk at : Ettersom kvar har fått ei nådegåve, så ten kvarandre med henne som gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde (1. Pet.4.10). Det må vel bety at alle truande har ei - eller fleire - nåde-gåver som ein skal tena kvarandre med.

Skal ein vita kva nådegåve ein har - og kan ein tena med si nådegåve - utan å vita om den??
Er det ei nådegåve dette å kunna tena? hjelpa andre? sjå ei oppgåve - og gjera den utan å bli spurd?

Profetisk tale --- kva er det f.eks..
Nokre meinar det er når nåkon får "sjå" noko som skal skje i framtida, eller også at det er nokon som
"får eit budskap" til ein eller annan i forsamlinga der og då.
Andre seier at å tala profetisk er å forkynna Guds ord til vekkelse og fornying.
Så kva er profetisk tale...??
Svaret har eg ikkje. Men skulle gjerne fått undervisning om emnet: nådegåver






Ein song!

Ta deg ei stund på Golgata og sjå kva der er gjort
du som vil rettferdsprydnad ha, men alltid kjem til kort.
Sjå på det blod som skuldlaust rann og spør kvifor det var.
Spør kva din Frelsar dermed vann og takk han så til svar.

Ta deg ei stund på Golgata når synda trykkjer ned
der får du syngja lett og glad med hjarta fylt av fred.
Der kan du sjå deg løyst og fri for skulda er betalt.
Der kan du ande fritt fordi din Frelsar sona alt.

Ta deg ei stund på Golgata når striden fell deg hard.
Då vil du vern og verje ha og Satan får sitt svar.
Der vil du sjå at alt hans verk er løgn og tomt bedrag.
der vert du atter ung og sterk og vinn det harde slag.

torsdag 14. juni 2012

Det er vel på tide med litt nytt kvardagsglimt !!?? Sjølv om fylgjande kanskje ikkje høyrer kvardagen til?
Sommaren er her visstnok, men varmen har utblitt her i mitt område. Me får rett nok sol innimellom, og slett ikkje så mykje regn, men det er kjøøøøøøøøøøøølig for det meste!! Nordavinden er kald same kor den kjem ifrå vert det sagt :-)

Sommar - stevner - møter - leirar, ja til og med GF både for den eine og andre organisasjonen står for døra...
Du kjem ikkje på slike samvær utan at du og får med deg mykje song og musikk - i tillegg til mykje
folk (ofte) og mykje forkynning (forhåpentlegvis).  Kva type song og musikk får ein del i på alle
arrangement i løpet av sommaren?  Før var det vanleg med duett, musikklag, kor.. akkompangert av
enkel piano/gitar/trekkspel, og i tillegg mykje forsamlingssong - som regel med songar frå Sangboken.  Ein stevnesong kunne og forekoma....

GF og årsmøter  for NLM var før høgdepunkt for meg om sommaren. Fekk vera med på dei fleste GF
frå 1976 til 2000. Og mange Ungdommens Landsmøter fekk eg med meg. Veldig gode minner. På desse arrangementa har det vore ei utvikling ingen kunne tenkja seg for 40 år sidan. Idag er det ikkje
piano og trompet som ledsager songen - frå songboka - nei, no er det "band" og forsongarar. Høg - til
dels ubehageleg høg- musikk med trommer, slagverk og el-gitarar, og forsongarar står med kvar
sin mikrofon og får ikkje alltid til å stå i ro ein gong. ...
Takt og rytme og bråk har kome i staden for god og enkel evangelisk song - både frå aktørar og forsamling. Synes det er vondt. Dei unge lærer ikkje mange av våre kjernesongar i Sangboken. Såkalla lovsongsteam leier forsamlinga i "lovsong"- ofte på engelsk. Våre gamle og slitesterke - ofte sjølvopplevde- songar kjem heilt i bakgrunnen, desverre!  Har og registrert at ofte skal dei "gamle" songane syngjasts på ein ny måte - enten ny melodi (og det treng ikkje vera galt!) eller også ny rytme. KVIFOR???

Kor me treng åndelege hyrdar, og ikkje minst vekkelse og nytt liv!!