søndag 14. oktober 2012

 
Det er haust...............

"Det er haust, det ruskar ute med regn og kalde vind
småfuglen flyg mot rute, og ville gjerne inn.
Men under omnen god der ligg han gamle Mons i ro!"
 
Slik stod det i leseboka me hadde på skulen. Men akkurat dette bildet er utan regn og kalde vind!
Det er over Valdresflye - utan at eg kan stadfeste vatnet nærare.. Men fint er det i alle høve !!
 

 
 
Ja, det er haust og minusgrader har kome fram på gradestokken!Og i dag var det kvitrima ute då
me stod opp! Hausten er flott! - med ei fargeprakt som ikkje kan forklarast, men må erfarast!!
 
I fleire år har eg fått nytt godt av dette flotte veret med å ta køyretur heim til Skånevik. Slik også
i år. Starta heimanfrå søndaga 23. okt. ca kl.8.50 :-) Det var godt køyre-ver. Ikkje sterk sol, og heller
ikkje regn! Fyrste stopp vart på Sparbu bensinstasjon. Frontruta var rett og slett i ein slik forfatning
at eg såg dårleg gjennom! Tenkte å få til vindus-spray.. noko dei sjølvsagt (?) ikkje hadde. Fekk noko
anna som skulle gjera godt, men akk. Det vart berre verre. Men med ekstra gnikking og gnuing kom
det seg..!
 
Neste stopp varta Trondheim Frikirke. Kom akurat tidsnok til start, og fekk ei fin stund der før eg
køyrde vidare. Rast med medbrakt mat og drikke høyrer sjølvsagt med. Og med trafikken på ei side
og elva på andre sida og så sol frå oven.. Ja, kan ein få det betre??
 
Køyrde til Vasetdansen camping etter ein flott tur over Valdresflye.  Var litt spent på om det vart
glatt, men det var tørr og fin veg. Men det vart kuldegrader om natta, så is-skrapa var god å ha neste
morgon. Starta ca 9.30 i flott ver! På Geilo beg. det å regna, og over Hardangervidda var det antydning til snø i lufta. Det var kvitt i fjellet, men ikkje på vegen. Også har gjekk det bra! Litt for
kjølig å ta rast ved Sysendammen denne gongen, så det vart ikkje før eg kom forbi Eidfjord. Der
vart det ca 20 min. venting pga. vegarbeid. Så kaffi og mat vart inntatt ståande ute i "naturskjønne
Hardanger" :-)
 
Kom heim til Fleisje ca kl.15.30 og der var Eldbjørg og Reidulf + Hilmar. Godt å koma til bebodd
og varmt hus! Om kvelden kom også Nils Harald, så då mangla berre storesyster! Ho var på Sunn-
møre.
Godt å vera på heimtrakter igjen. Trist at det gror igjen, men huset står og litt blir gjort ute også.
Mest takka vere Reidulf! godt å ha ein flink og dyktig svoger!!
Hilmar reiste tirsdag, Eldbjørg og Reidulf onsdag. Så frå torsdag til søndag var eg åleine. Kanskje
rart, men det er godt å vera heilt åleine og i barndomsheimen... Men ja takk.. helst både treffa søsken
og også litt åleine... ! Men når dei andre for, kom regnet - og også beitande sauer. Så vekkeklokka
denne gongen vart sauebjøller...  Ikkje heilt fornøgd med det, men........... litt heimsleg og :-)
Fekk med ein god del pærer og epler, så søndag var det å starta på tur nord igjen. Var spent på veret
då og, for det var meldt snø i fjellet. Bad om godt ver og kjente samtidig på spenning...  Men det
vart nok ein flott tur! Over Valdresflye var det snø i lufta og kaaaaaaaaaaaanskje fare for glatte
parti over dei høgste områda, men det gjekk bra. Denne gongen var Randsverk camping god å ha.
Gjestfrie folk!
 
Turen vidare neste dag vart ei ny flott erfaring. Sol og nydelege fargar. Fekk rasta ute i 15 grader!!
Alt gjekk vel, og det var godt å koma heimatt til alle karane mine her og :-)  Her hadde det vore
hektisk med korn-berging og elgjakt. Så det var visst godt å få husmora tilbake både på kjøkken og
i fjøs!! Veldig godt med ein tur, men det er og godt å kunna vera i arbeid i det daglege! Eg har
mykje å takka for!
 
 
Litt snø over Hardangervidda

 
Ei gamal bru i Måbødalen
 
 
Heime på "Sanda-berget"

 
Det vart både regn, vind og sol..
 
 
Speilblankt Vågåvatn

 
Snøhetta (?)
 
Ja det var den turen... når tid vert neste, tru, og blir det like fint då og?? Takk for følget :-)  !!
 


1 kommentar:

  1. Det høres ut som om du hadde en veldig fin tur sørover! Godt å komme "hjem" en tur og sikkert, med både søsken og svigersøsken :) Flotte bilder, Solveig!

    SvarSlett