mandag 14. januar 2013

Søv du eller er du vaken??
 
 
Det skjer ikkje ofte (tru det eller ei!!) at eg legg meg ned på sofaen for å slappa av - og kanskje få ein liten "dupp".  Men hvis eg ikkje er sjuk, blir eg fort lei og står derfor opp igjen. Men det har hendt nokre gonger at eg nesten har sovna... men ein telefon el. ein litt skarp lyd har fått meg tilbake til den
absolutt vakne tilstand igjen. At eg då også kunne bli litt irritert ---- er ein annan ting :-)
 
Den som søv kan aldri sei nøyaktig kva tid ein sovna. Veit berre at ein sovna ein gong..
Når ein søv har ein ingen trong for mat og drikke. Tek ikkje til seg næring.
Ein registrerar ikkje det som føregår rundt ein - og ein kan vera i livsfare - utan å vita det.
For mange er det godt å sova - få koma vekk frå det som måtte vera vondt og vanskeleg, og me som menneske treng så absolutt søvn!  Men gjeld det same på det åndelege plan??
 
Det er ei songstrofe som har tona inni meg i det siste - og eg tek med heile songen etterpå
"Fristeren kan legge snaren hvor du minst formoder faren!"
Djevelen veit kor han skal angripa den enkelte av oss - for om mulig få oss i sitt garn! At me lever i
ei tid der det er lett å sovna som kristen, er i alle fall sikkert. Alvoret med at Gud og er ein heilag Gud som ikkje tåler synd er ikkje så ofte framme. At det å vera ein kristen - ein læresvein - også medfører at me ikkje lenger skal leva for oss sjølve, tek me ikkje alltid på alvor. Eller gjer me det? Lever me
ikkje stort sett som me vil - ? Brukar tida som me vil -? Brukar pengane våre som me vil - ?
Vågar me å sei med songaren: Meg og hva mitt er jeg gjerne vil miste når du alene i sjelen må bo!
Eg veit mitt svar.... Du veit ditt svar...!

Må ikkje sjelefienden få oss i så djup søvn at det går oss evig ille!!
 
VÅK O SJEL, OG BED!!
 
Våk o sjel og bed, deg til kamp bered.
Fristeren kan legge snaren hvor du minst formoder faren.
Sådan er hans sæd. Våk o sjel og bed!
 
Han i lystens spor går med falske ord.
Kledd i lysets drakt seg nærmer, vennerøsten etterhermer
Inntil død det gror opp i lystens spor.
 
Våk og bed, o sjel, bli ei kjødets trell.
Og la verden deg ei vinne! Alt hva verdens barn kan finne
er en dårlig del. Våk og bed o sjel!
 
Arven ei forspill som deg hører til.
Når du bedende og våken tro igjennom verdenståken
Jesus følge vil. Arven ei forspill!
 
Våk og bed og strid enn en liten tid.
Snart ditt Kanaan skal finnes, kronen rekkes, palmen svinges.
i en evig fred. Våk og strid og bed!
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar