tirsdag 12. februar 2013

GLØYM IKKJE ALLE HANS VELGJERNINGAR.....!!

 
 I Salme 103 får me denne formaninga - som sikkert alle har bruk for å ta til seg!!
Uansett om ein er ein kristen eller ikkje mottek me mange Herrens velgjerningar - kvar dag!
Nokre takkar for ei god helse, men kven takkar dei??
Nokre er takknemlege for å ha god nok økonomi, slik at ein slepp å bekymra seg for den.
Men går takken opp til Gud, eller takkar ein seg sjølv - som kanskje har vore arbeidssom og sparsom opp gjennom livet...Det er tross alt Gud som gir oss evner, krefter og helse!

Når ein vanlegvis er både arbeidsfør og frisk tenkjer ein forlite på kor uendeleg godt me har det!
For tida går eg sjukmeldt, og har ikkje lov å lyfta tunge ting (maks 2 kg er eg anbefalt!) Det skulle
vel kunna gå veldig smertefritt - eller??  Tja... Har erfart at eg er blitt temmeleg avhengig av karane som eg har i huset! Nokre daglegdagse eksempel:                    

 - Eg skal laga middag - graut !Har eit spann i kjøleskapet, sidan me har melk frå tanken.. Å lyfta
  1 liter er ikkje problem, men så vert spannet tomt. Melka er på tanken. Men skal eg dit og kun ta 1
  liter med meg inn, vert det fleire turar før eg får nok....

- Neste dag vil eg ha gryterett. Har tenkt å bruna kjøttdeigen i ei jernpanne, men denne jernpanna 
  står  i kjellaren... Den blir for tung for meg... altså må eg venta til det kjem nokon inn før eg får
  gjort noko meir der... Upraktisk!!!

- Vasking av kler... Heilt ok å putta inn i maskina. Den gjer arbeidet som vanleg. Eg kan og ta ut av
  maskina, men så...  Har ikkje lov å lyfta heile klesvasken på ein gong. Kan gå ut på snora med eitt
  og eitt dynetrekk f.eks.  Men kor bakvendt........!!

- Handling på butikken...  Heilt ok å putta oppi handlevogna det eg treng - bortsett frå 5liters kanner
  og 6 kg kveitemjølspakkar.  Men så... Når eg har fått varene så langt at eg har betalt for dei, og fått
  dei opp i bæreposar.. då er det "plutseleg" blitt for tungt!  Kan jo be betjeninga om å bera det ut i
  bilen, men........... upraktisk det og!

Gløym ikkje alle Herrens velgjerningar!! Det å få vera frisk, både fysisk og psykisk er ei stor gåve
som me aldri kan takka nok for.  Når me så i tillegg har fått ein Frelsar som også veit råd med vårt
største problem: synda!, treng me endå meir minna oss sjølve på å takka!!!

"Lova Herren,mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!!
Han som tilgjev alle dine misgjerningar, som lækjer alle dine sjukdomar. Han som mettar di sjel med det som godt er, så du vert ung att liksom ørna....
Han gjer ikkje med oss etter våre synder, og gjev oss ikkje att etter våre misgjerningar....."

Å du forunderlege Gud!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar