lørdag 12. oktober 2013


 Litt bilder frå haust-turen min til barndomsheimen, Fleisje i Skånevik



Når ingen bur fast på ein plass er det fritt fram for tre og buskar å veksa - som dei sjølv vil... Her har ei selje fått fritt spelerom og blitt altfor stor og skjemmande. Men no er det slutt........ Bort med den!!


Dette vart adskilleg betre!! No ser me både til sjøen og til "naboane" på Eikenes m.m.


Huset er gamalt, men godt å bu i fortsatt. Vedfyring kjem vel med. Maling skulle vore gjort og.. Kanskje kan det bli neste år ??? Dugnad er tingen!!


Kvelds-sol innover Åkrafjorden og Fleisje-kvalen i forgrunnen. Det sit ein skarv
på den. Trur ikkje den fuglen var der i min barndom...


I år vart det litt fine både epler og pærer. Her er det 4 ulike eplesortar.




Stille sjø og høg flo er gunstig for båltenning av gamal kvist! Godt å få rydda opp litt!!

Etter sol og stille vart det overskya og plutseleg vind... Greit at bålet var nesten slokna..!
















Kveldssol over Skånevik - tatt frå Tre (ikkje eit tre, men ein plass som heiter Tre :-)


Så er eg på tur nordover - over Strynefjellet. Litt skya og kjølig, men fint!!Takk for turen - og for at du var med eit stykke på veg!! :-)


I min heim var eg sæl Avdi Gud var attved, Og eg kjende så vel Kor det anda Guds fred
Når til kyrkje me for, Når me heime heldt kor Og med moder eg bad
Å eg minnest så vel denne stad

Denne heim er meg kjær Som den beste på jord Han mitt hjarta er nær, Denne fjetrande fjord
Og det målande fjell Og den strålande kveld, Hugen leikar på deim.
Å eg minnest så vel denne heim