søndag 15. mai 2016


1. PINSEDAG 2016



Det er 1. pinsedag - og det har vore stort sett ein "inne-dag" for min del. Helg eller ikkje... mat vil me stort sett ha uansett, så formiddagen gjekk med til å
ha til middag + høyra på Egil Svartdal + løysa kryssord i Dagen. Tru det eller
ei så vart eg ferdig med alt - (i løpet av dagen :-) Men å bli trekt ut som vinnar av
kryssordet er ikkje enkelt!!! Så ingen flaxlodd med million-gevinst her i garden,
nei. Ikkje sikkert det er så mykje å trakta etter heller??? Men nokre hundre tusen er ikkje å forakta!! Ja, ja. Nok om det. Var ute og tok tre bilder i ulik
retning idag. Og som du ser er det litt ymse





 Mot nord såg det slik ut. Frisk vind og
blå himmel. Men det var kjølig.



 Mot vest var det berre regn å sjå, så
det frista aldeles ikkje å gå ut...Snøen ligg fortsatt i fjellet, og det var berre
5-7 grader i dag tidleg











... og mot nord-aust var det ikkje
stort betre.  Så det beste var å fyra i
ovnen og kosa seg inne med kryssord
og nyta varmen innadørs.









Men i det heile:
Det livnar i lundar og lauvast i li her i Trøndelag og. Må nok snart til med plen-
klypparen. Den har vel vore i bruk lenge sør i landet, men ein del av dette fine landet vårt har ein sjarm nettopp med alle variasjonane - både naturmessig og
folke-lynne. "Fagert er landet du oss gav, Herre vår Gud og vår Fader.." Så sant
så sant!!
Men no vil politikarane at både fylker og kommunar skal slå seg saman... Blir
det noko betre av det, tru?? Erfaringar frå tidlegare samanslåingar er ikkje berre positive. Men makta rår............

Berre små kvardagsglimt herifrå. Signe har i alle fall etterlyst aktivitet på bloggen, så no er vel du fornøgd?? Kanskje det blir litt meir om ei stund. Så følg med, følg med!!