søndag 28. juni 2015

KOM MAI - DU SKJØNNE MILDE !!


Hadde ein tur til Fleisje i mai. Nokre glimt derifrå. Litt sein med å publisera det, men betre seint enn aldri (kanskje??!!!)

 Over Vikafjellet var det veldig mykje snø. Har vel aldri køyrt der under slike forhold før.. Men me kom oss greitt gjennom!!



 Heime på Fleisje var det full fruktblomstring 



 Heiter denne eldekvede, tru. Er noko usikker, men den blomstrar fint, og har kvasse torner...


 I Åkrafjorden - ved Langfoss - er det sett opp fleire flotte - og ulike steinar. Verd å ta turen dit for å sjå - både på fossen (særleg når det er stor vannføring!!) og ellers landskapet i sin heilhet. "Å Vestland, Vestland - når eg ser deg slik Med
fagre fjell og fjord og tronge vik...."


 Turen gjekk via Sogn, og her ser me vel innover mot Fjærland.  Hvis det er feil
får du gi melding - og korrigera meg!! Fint er det uansett. Våren ned mot sjøen
og mykje snø i fjella!!


søndag 1. mars 2015



Sangboken nr.297

Den sjel som har flydd til forsonarens fred,
Skal fienden aldri til jorda slå ned,
Den sjel,- om all helheimen mot henne set,
- Eg aldri, nei aldri i æva forlet.

Så talar vår Gud i sitt herlege ord, - 
Den bergfaste grunn for hans folk her på jord.
Kva meir kan han seia enn det han har sagt, 
Til deg som har bygd på den grunn han har lagt?

Går vegen i mørke og tårefylt dal,
Min nåde er nok i den djupaste kval.
Ei logen deg svir, - det er alt for den skuld
Å øyda ditt slagg og å skira ditt gull.

Og må gjennom ovdjupe elvar du gå,
Skal straumane der ikkje over deg slå.
For eg vil gå med deg og signa di sorg
I hardaste naud skal du bu i mi borg.

Ver uredd, frimodig, for eg med deg går!
Eg, eg er din Gud ifrå år og til år.
Eg styrkjer deg, hjelper deg, oppe deg held
I ungdom og alder, til seinaste kveld.


(Denne songen kan og syngjast til melodien:
Guds altar på jorda er Frelsarens kross )