onsdag 7. desember 2022

 Hei, hei... No er det LENGE sidan eg har vore innom bloggen. Kanskje eg har vore tom for....  ja, tom!

Det er ikkje alltid "skriveånda" er tilstades, og enkelte gonger kan det vera noko ein kunne tenkt seg å skriva, men det kan bli litt for personleg, kanskje... Det er tross alt ikkje alt ein bør dela sånn "offentleg". Men idag fekk eg lyst å skriva litt... Det er advent, og mange tenner lys og syng advents-song. Ein som mange brukar er denne: No tenner vi det første lys. Teksten er enkel, men det er liksom noko som ikkje stemmer, for det står at me ventar på at Gud vår Far, vil sende Sonen sin..... og vidare... Vi ventar på at Kongen vår skal fødast i ein stall.

Dette ventar me ikkje på lenger - det er noko som har skjedd, og som ikkje kjem til å skje igjen.... Så eg har skrive om teksten litt. Det er neppe fullgodt, men kanskje litt betre... Slik syng me hos oss:

No tenner vi det første lys 
åleine må det stå
Vi tenkjer på det vesle barn
i krubba lag, på strå

No tenner vi det andre lys
dei står der stilt og skin
Vi takka vil vår Gud og Far
som sendte Sonen sin

No tenner vi det tredje lys
det er eit heilagt tal.
Vi tenkjer på vår konge stor
som føddest i ein stall

No tenner vi det fjerde lys
og natta vart til dag
Vi takka vil vår Frelsarmann
for alle folkeslag

                       Det er ikkje sikkert du synes dette var betre... så du må berre syngja det du vil.

                                 Dette var alt for idag.. Kanskje blir det litt meir etter kvart!?






...