lørdag 20. september 2014

Hausten i fargar




Skaugum-begonia. Mitt fyrste forsøk på å "dyrka" den! Så spørs det om eg får den til å koma igjen til neste år... Verd å prøva i alle fall!!



Ikkje så vanleg at denne alpeklematisen blomstrar i midten av september, men no kjem nye knoppar...



Blomkarsen med to kattepusar som er nyskjerrig på kva eg held på med!



Og her er svensk-asalen full i bær. Har sjelden vore så mykje bær på den. Det blir god mat for sidensvansen når han kjem på besøk!



Lik eins krossveden. Den og har fullt av bær i år.



Ei potterose som eg planta ut kom med knoppar - og blømer fortsatt !


Krossved dette og. Også rognebær er det mykje av, så enten blir det lite snø, eller så blir det - kanskje - masse... Tida vil visa!!

Til slutt eit bilde frå Furudalen. Strå, stein og vatn :-)

fredag 19. september 2014


Nye kvardagsglimt - bokstavleg talt!


No er det leeeenge sidan sist eg har kome med noko her på bloggen. Om det er slutt på kvardagane?? Nei kan ikkje just sei det. Kanskje har det vore litt for mange av dei trivielle kvardagane dette året??  Som kjent gjekk eg lenge sjuk-
meldt pga. brudd i ankel. Ja, faktisk heilt til ut juni mnd. Det var ein ny situasjon.
Og når Oddvar i tillegg også vart sjukmeldt i same periode, må me kunna sei at
det var unntakstillstand i heimen.  Men altså, me har tre vaksne gutar som har
vore flinke å stilla opp, så det har gått bra sett under eitt!! Og litt har me "sjuke"
fått til og gjort også - om enn ikkje så effektivt som vanleg...
Status på foten min er at den fungerer ganske bra, men det er ubehag innimellom. Og å gå ned trapper eller bratte unnabakkar er ikkje heilt godt. Men
når eg går tur, går en nesten like fort som før, så det er bra!!

Ellers:
I går fekk eg baka 12 brød!  Ikkje kvar dag det skje ( naturleg nok!!). Men det hender at eg tek sin sånn bake-dag. Vanlegvis bakar eg 8 om gongen.. Men med
3 karar i hus + meg sjølv, går det ganske mykje brød!

Ellers har det vore mykje potet-opptaking dei siste dagane. Me har vore velsigna med så flott ver at det har vore "herleg" å grava i åkeren!! Avlinga har vore bra og! Trur det er fyrste gongen, her nord i alle fall, at eg har sveitta når eg har tatt opp poteter, men slik har det vore desse dagane!! Me har 4 sortar i år: Kerrs Pink, Fjellmandel, Gram (bakepotet bl.a. ) og Pimpernell.Tru det eller ei: eg vart
ferdig med alle potetene i dag. Brukte ikkje opptakaren i det heile, alt med grev, slik me gjorde heime på Fleisje ..... Bra gjort!??

Også plenen vert ofte mitt arbeid. Fekk slått siste stykket rundt huset i går. Det har vore så mykje dogg - og tåke - frå morgonen av, at det måtte takast på kveldstid. Men no  ..... no er alle plenane forhåpentlegvis slått for siste gong i år!!

Så eg får skryta sjølv og sei at eg har vore flink. Har tatt melkinga åleine
4 kveldar på rad også!! Ikkje dårleg .Om eg er slik at karane ikkje slepp til med
arbeidet??? Å jo, men det er ikkje alt dei likar å gjera - av ein eller annan grunn! Og dei siste kveldane har dei  vore uti fjellet og arbeidd med hytta me har der. Rive ned ein del og gjort klart for ny terasse og trapp, og eg veit ikkje kva... Men det blir nok svært med tida! Så dei er flinke (dei og!!)
Men det vert lite hjelp å få inna-hus av desse karane. Oppvasken er stort sett
eit "farleg" område for dei. Ein av dei er i alle fall redd for å bli rein på hendene
høyrest det ut for.. Skal ikkje sei kven av dei det er..  Men altså: dei er flinke på
sine felt!!  Så i går då eg vart både trøytt og litt lei, måtte eg sei til meg sjølv at
eg må vera glad for at eg er i stand til å arbeida, og at eg har eit arbeid å gå
til. Og når karane også gjer nytte for seg der dei er, bør sukk og klage bort!!! 

Då får eg gi meg for denne gong. Skal ta med nokre bilder og, har eg tenkt, men
fotoapparatet var straumlaust, så eg må få det lada opp fyrst. Takk for "følge"
og ha det godt!!