mandag 16. desember 2013

Adventstid er også baketid!!


Eg er ikkje av dei som tenkjer så mykje på dei 7 kakesortane no til jul. Bakar vel helst det eg har lyst til - og ev. det som fell i smak i huset.. :-) !! Du kan få eit lite innblikk frå baksten. Smaken må du koma hit for å testa... Velkommen 
til det, men kom før påske !!


Rosettar er veldig gode når ein får dei til som dei skal vera. Svein-Åge er ikkje kresen, så han et dei uansett korleis dei vert, ser det ut for. Ja, me er fleire som prøver oss... Men eg får dei aldri til som eg vil......... (snufs..)


Smultringane er eg og sjelden fornøgd med. Enten vert dei deigete inni eller dei smakar formykje smult. I år vart dei tjukke og fast i konsistensen. Ligg i frysen no, men vert truleg opp-etne hvis eg hugsar på å ta dei opp!!

Sirupsnippar og krumkaker derimot vart brukbare - og dei forsvinn nok utan at dei vert for gamle!
S
Så er det godt med litt gjærbakst også innimellom småkakene! Ikkje så verst resultat denne gongen. Og som ferske er dei gode... nam nam!!

Det som har blitt trasisjon her er å laga s-ar og o-ar . . . eller sprut, som me kalla dei!  Då mobiliserer eg gutane som er heime til å dra kjøttkverna og vera fôr-mann. (Altså stapp deig i kverna) Ein sveive og ein mate og eg formar bok-stavane. Ikkje like store, nei... Men me er ikkje like store i munnen me heller, så det blir litt for einkvar smak :-)
Kjem du snart og besøkjer oss. Vil du ha småkaker (når dei fleste er lei av dei),er det berre å koma ...!! Du kan få litt anna og, så ikkje ver redd. Har som regel både knekkebrød og kjeks liggjande,he he!

Fortsatt god advent! Snart er det jul!!! Kjem kanskje med meir om ikkje så lenge - men då uten kaker!

lørdag 12. oktober 2013


 Litt bilder frå haust-turen min til barndomsheimen, Fleisje i Skånevik



Når ingen bur fast på ein plass er det fritt fram for tre og buskar å veksa - som dei sjølv vil... Her har ei selje fått fritt spelerom og blitt altfor stor og skjemmande. Men no er det slutt........ Bort med den!!


Dette vart adskilleg betre!! No ser me både til sjøen og til "naboane" på Eikenes m.m.


Huset er gamalt, men godt å bu i fortsatt. Vedfyring kjem vel med. Maling skulle vore gjort og.. Kanskje kan det bli neste år ??? Dugnad er tingen!!


Kvelds-sol innover Åkrafjorden og Fleisje-kvalen i forgrunnen. Det sit ein skarv
på den. Trur ikkje den fuglen var der i min barndom...


I år vart det litt fine både epler og pærer. Her er det 4 ulike eplesortar.




Stille sjø og høg flo er gunstig for båltenning av gamal kvist! Godt å få rydda opp litt!!

Etter sol og stille vart det overskya og plutseleg vind... Greit at bålet var nesten slokna..!
















Kveldssol over Skånevik - tatt frå Tre (ikkje eit tre, men ein plass som heiter Tre :-)


Så er eg på tur nordover - over Strynefjellet. Litt skya og kjølig, men fint!!Takk for turen - og for at du var med eit stykke på veg!! :-)


I min heim var eg sæl Avdi Gud var attved, Og eg kjende så vel Kor det anda Guds fred
Når til kyrkje me for, Når me heime heldt kor Og med moder eg bad
Å eg minnest så vel denne stad

Denne heim er meg kjær Som den beste på jord Han mitt hjarta er nær, Denne fjetrande fjord
Og det målande fjell Og den strålande kveld, Hugen leikar på deim.
Å eg minnest så vel denne heim

lørdag 21. september 2013

"Kakeoppskrift"

Tør du prøva noko nytt???  Då kan du prøva denne oppskrifta som eg fann i nokre gamle papir eg hadde frå min tidlege ungdom (så det er leeeenge sidan!)

Evighetskake

3-4 egg - helst han-egg!
5 barneskeier bakepulver
10 suppeauser melk - helst geitemelk!
2 spann druesukker
1 ts. margarin
1/2 liter piska  fløyte
2,5 kg potetmjøl
11.5 ts. anis
sitronskal av appelsin
1 flaske solva hostesaft

Pisk anis og hostesaft til det blir stivt. Pisk potetmjøl og melk til eggedosis
Bland alt saman og kna godt, og legg den i firkanta form.
Steik ved kjærleiks-varmen (dvs. 575 gr.) i 5 dagar. Bruk plastikk-handskar når
du tek ut forma.Avkjøl. Får den stå på ein kald stad kan den halda seg godt
opptil eitt år. Pynt med gaffel!





Denne er nok ein annan variant - neppe evighetskake :-)  Men kvifor ikkje laga
ei kake idag?? Eller til neste helg!?

God helg!!

torsdag 19. september 2013


 Haust-tid er innhaustingstid - på alle plan!

No er det haust.... Endå ein gong... Og min aktivitet for tida har m.a. vore å ta opp
poteter. Litt kjekt å ta opp for hand, for då ser eg kva som er under kvar plante!
I tillegg får eg praktisert "barnelærdomen" som består i å sortera potetene. Dei
små skal for seg, og er det tørr-råte, må dei ikkje koma ilag med dei friske
potetene... :-)  Men kjende det i ryggen idag etter at eg hadde tatt opp 6 bøtter,
at det var godt med ein god pause!

Her er eit eksemplar av potetene. 450 gram var den, og det seier seg sjølv at
det skal ikkje så mange slike til for å få nok til middag...


For å få 2 kilo trong eg berre 7 poteter :-)

Idag kom Oddvar til unnsetning med opptakar, så me fekk opp resten av potetene. Bra avling i år. Har 4 sortar: Fjellmandel, Gram, Kerrs Pink og Pimpernell. Nok både til å eta og baka potetkaker og potetlefser av.

Kornet er og kome i hus, og adskilleg tidlegare i år enn i fjor. I tillegg var det mykje betre kvalitet. Godt ver gav tørt korn! Med god hjelp av Odd Gunnar gjekk det svært bra! Godt å ha vaksne karar som kan - og vil - ta eit tak!!


Når det går mot haust, og gradene vert under 10, kjem det godt med ved i ovnen!! Som kjent varmar veden opptil fleire gonger :-)

Fine fargar på blada!



Denne planten fann eg langs vegen heime i Skånevik. Veit ikkje navnet.. men
kanskje er det nokon "der ute" som veit det?! Skriv ein kommentar, så vert eg litt klokare (skal ikkje så mykje til ...!)

Dette får vera nok for i kveld. Får koma tilbake til meir seinare!

mandag 15. juli 2013

Modne molter.....!!

Det er heilt sant! Var ein tur ut i regnet idag, og fann dei fyrste modne moltene,så det lovar bra! Kor eg fann dei??  Nei, det skal ein visst ikkje dela med andre etter som eg forstår. Men når eg som tilflyttar har klart å oppspora dei (med eller utan hjelp frå Oddvar  :-)   ) klarer dei fleste å finna sorten vil eg tru!


Ellers har me fått inn høyet - noko som var svært bra, for regnet har absolutt kome til oss og.  Det gjer godt for jorda, for me har ikkje hatt dei store nedbørsmengdene her. Andre har nok hatt meir fuktighet enn me. Men det ser ut for at på deler av Austlandet har våre bonde-kollegar problem med kornet.
Så ein gong er det her - ein annan gong der...  Godt me ikkje steller med veret!!

Vil til slutt ta med ein song som eg fekk for litt sidan. Kanskje kjenner du deg igjen i teksten?
Ein kan sei kva ein vil om mange av songane/låtane som vert skrivne i dag, men stort sett var det meir innhald i songane som vart skrivne før!! Det var meir livserfaring og kanskje også meir kunnskap i - og om - Guds ord.
Her kjem songen!

Det er så mange bakker på troens smale veg.
Og jeg blir ofte motløs, - ja, stundom trett og lei.
Da hvisker Herren stille, hans stemme er så mild:
hver bakke fører oppad, det er vel dit du vil?

Da må jeg bare gråte og svare som det er:
Jeg lengter hjem til himlen og saligheten der.
Men jeg er altfor liten og kreftene for små
for slike bratte lier som du har latt meg gå.

Ta kun en kneik om gangen, og hold deg fast til meg.
Min kraft er uten grenser , og den er nok for deg.
Jeg er din stav og støtte, snart har du kommet opp 
og jeg vil gi deg utsyn fra hver en bakketopp.

Takk,Herre, for hver bakke og hvert et trengsels fjell
som jeg er kommet over, men ikke greidd det selv.
Og la meg aldri glemme i neste dype dal
med fjell på alle kaner, - at jeg en Frelser har.

Når jeg en gang er fremme og ser tlbake på
den vanskelige vegen som du har latt meg gå, -
Da vil jeg sikkert undres hvor lite jeg forstod. 
Det var de bratte bakker som lærte meg å tro.

Jeg ser en himmelstige, hver trengsel er et trinn.
det jeg i hjelpeløshet til Herren søkte inn.
Og han var alltid nådig og løftet barnet opp,-
hvert trinn til jeg var fremme ved himmelstigens topp.