lørdag 21. september 2013

"Kakeoppskrift"

Tør du prøva noko nytt???  Då kan du prøva denne oppskrifta som eg fann i nokre gamle papir eg hadde frå min tidlege ungdom (så det er leeeenge sidan!)

Evighetskake

3-4 egg - helst han-egg!
5 barneskeier bakepulver
10 suppeauser melk - helst geitemelk!
2 spann druesukker
1 ts. margarin
1/2 liter piska  fløyte
2,5 kg potetmjøl
11.5 ts. anis
sitronskal av appelsin
1 flaske solva hostesaft

Pisk anis og hostesaft til det blir stivt. Pisk potetmjøl og melk til eggedosis
Bland alt saman og kna godt, og legg den i firkanta form.
Steik ved kjærleiks-varmen (dvs. 575 gr.) i 5 dagar. Bruk plastikk-handskar når
du tek ut forma.Avkjøl. Får den stå på ein kald stad kan den halda seg godt
opptil eitt år. Pynt med gaffel!





Denne er nok ein annan variant - neppe evighetskake :-)  Men kvifor ikkje laga
ei kake idag?? Eller til neste helg!?

God helg!!

torsdag 19. september 2013


 Haust-tid er innhaustingstid - på alle plan!

No er det haust.... Endå ein gong... Og min aktivitet for tida har m.a. vore å ta opp
poteter. Litt kjekt å ta opp for hand, for då ser eg kva som er under kvar plante!
I tillegg får eg praktisert "barnelærdomen" som består i å sortera potetene. Dei
små skal for seg, og er det tørr-råte, må dei ikkje koma ilag med dei friske
potetene... :-)  Men kjende det i ryggen idag etter at eg hadde tatt opp 6 bøtter,
at det var godt med ein god pause!

Her er eit eksemplar av potetene. 450 gram var den, og det seier seg sjølv at
det skal ikkje så mange slike til for å få nok til middag...


For å få 2 kilo trong eg berre 7 poteter :-)

Idag kom Oddvar til unnsetning med opptakar, så me fekk opp resten av potetene. Bra avling i år. Har 4 sortar: Fjellmandel, Gram, Kerrs Pink og Pimpernell. Nok både til å eta og baka potetkaker og potetlefser av.

Kornet er og kome i hus, og adskilleg tidlegare i år enn i fjor. I tillegg var det mykje betre kvalitet. Godt ver gav tørt korn! Med god hjelp av Odd Gunnar gjekk det svært bra! Godt å ha vaksne karar som kan - og vil - ta eit tak!!


Når det går mot haust, og gradene vert under 10, kjem det godt med ved i ovnen!! Som kjent varmar veden opptil fleire gonger :-)

Fine fargar på blada!



Denne planten fann eg langs vegen heime i Skånevik. Veit ikkje navnet.. men
kanskje er det nokon "der ute" som veit det?! Skriv ein kommentar, så vert eg litt klokare (skal ikkje så mykje til ...!)

Dette får vera nok for i kveld. Får koma tilbake til meir seinare!