mandag 16. desember 2013

Adventstid er også baketid!!


Eg er ikkje av dei som tenkjer så mykje på dei 7 kakesortane no til jul. Bakar vel helst det eg har lyst til - og ev. det som fell i smak i huset.. :-) !! Du kan få eit lite innblikk frå baksten. Smaken må du koma hit for å testa... Velkommen 
til det, men kom før påske !!


Rosettar er veldig gode når ein får dei til som dei skal vera. Svein-Åge er ikkje kresen, så han et dei uansett korleis dei vert, ser det ut for. Ja, me er fleire som prøver oss... Men eg får dei aldri til som eg vil......... (snufs..)


Smultringane er eg og sjelden fornøgd med. Enten vert dei deigete inni eller dei smakar formykje smult. I år vart dei tjukke og fast i konsistensen. Ligg i frysen no, men vert truleg opp-etne hvis eg hugsar på å ta dei opp!!

Sirupsnippar og krumkaker derimot vart brukbare - og dei forsvinn nok utan at dei vert for gamle!
S
Så er det godt med litt gjærbakst også innimellom småkakene! Ikkje så verst resultat denne gongen. Og som ferske er dei gode... nam nam!!

Det som har blitt trasisjon her er å laga s-ar og o-ar . . . eller sprut, som me kalla dei!  Då mobiliserer eg gutane som er heime til å dra kjøttkverna og vera fôr-mann. (Altså stapp deig i kverna) Ein sveive og ein mate og eg formar bok-stavane. Ikkje like store, nei... Men me er ikkje like store i munnen me heller, så det blir litt for einkvar smak :-)
Kjem du snart og besøkjer oss. Vil du ha småkaker (når dei fleste er lei av dei),er det berre å koma ...!! Du kan få litt anna og, så ikkje ver redd. Har som regel både knekkebrød og kjeks liggjande,he he!

Fortsatt god advent! Snart er det jul!!! Kjem kanskje med meir om ikkje så lenge - men då uten kaker!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar