søndag 28. juni 2015

KOM MAI - DU SKJØNNE MILDE !!


Hadde ein tur til Fleisje i mai. Nokre glimt derifrå. Litt sein med å publisera det, men betre seint enn aldri (kanskje??!!!)

 Over Vikafjellet var det veldig mykje snø. Har vel aldri køyrt der under slike forhold før.. Men me kom oss greitt gjennom!!



 Heime på Fleisje var det full fruktblomstring 



 Heiter denne eldekvede, tru. Er noko usikker, men den blomstrar fint, og har kvasse torner...


 I Åkrafjorden - ved Langfoss - er det sett opp fleire flotte - og ulike steinar. Verd å ta turen dit for å sjå - både på fossen (særleg når det er stor vannføring!!) og ellers landskapet i sin heilhet. "Å Vestland, Vestland - når eg ser deg slik Med
fagre fjell og fjord og tronge vik...."


 Turen gjekk via Sogn, og her ser me vel innover mot Fjærland.  Hvis det er feil
får du gi melding - og korrigera meg!! Fint er det uansett. Våren ned mot sjøen
og mykje snø i fjella!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar