På veggen i stova vår har me eit bibelord innramma - eit som nok fins i fleire heimar. Det er frå Esaias 43.1 På bokmål står det slik: Jeg har gjenløst deg, kalt det ved navn, du er min.
Det hender ofte at eg har problem med å ta til meg, og tru , at dei mange løftene som står i Guds ord gjeld meg. Tenkjer at dei vart sagt til den og den personen - der og då. Slik og med dette ordet frå Esaias.
Dette vart sagt til profeten - til Israelsfolket - Men når me veit at det også står at Jesus kjøpte oss fri med sitt eige blod, då han døydde for oss på korset, har han i sanning "løyst oss ut". Det står og at me er dyrt kjøpt. Når du har kjøpt og betalt ein ting så er den din! Jesus kjøpte oss fri frå Satans makt - sette oss over frå mørke til lys. Han er ei soning for våre synder. Og når han har løyst oss ut, kalla oss ved navn, skal me få tru dette: Eg er hans barn. Han vil verna oss frå farar, bevara oss og ta imot oss når me kjem til han. Både i sorg og i glede.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar