søndag 8. juli 2012

.. Så er både siloslått og hesjing unnagjort endå ein gong. Det vart godt mannskap også i år. Godt å ha arbeidsvillige gutar som tek eit tak!! Det vart minimalt med regn mens me heldt på. 
Dagen då eg skulle hesja såg eg for meg ein svært varm dag. For kl.9 var det alt 19 grader ute.
Men takka vere litt vind og i tillegg lett skydekke etter kvart, vart det godt arbeidsver. Og med god
hjelp av mann og son (Alf Martin) fekk me sett opp og fylt opp tre mindre hesjar. No trengs det
regn på marka, men ikkje på hesjane.... :-)

Ellers realiserte eg ein "draum" no ein kveld. Me har eit fjell på ca 687 moh. med
radiosendar og ein varde på toppen.  Der har eg vore ein gong ilag med Oddvar. Den dagen bles
det så me måtte nesten halda oss fast til varden for ikkje å blesa bort. Men så har eg lenge hatt lyst
og vore oppå fjellet midtsommars og kanskje fått sett solnedgangen.  Så torsdag kveld gav eg meg
iveg. For åleine, for Oddvar har ikkje kne til å gå hverken opp eller ned...
Starta frå parkeringsplassen kl.21, og var den "glade vandrar" oppover.  Men det vart både varmt
og langt sjølv om det er bilveg oppover! Brukte 1 time og 25 min. og det er brukbart, trur eg!!

Vel oppe var det godt både med tørt kles-skift, litt ekstra med kler for å nyta både sol og kveldsmat.
Litt vind vart det, men klarte å halda varmen. Det var godt eg tok med ekstra kler og rikeleg med
vatn !
Vart litt oppgitt då fotoapparatet ikkje fungerte. Fekk melding om kortfeil!! Og det var lite populært
Tenkja seg til å ikkje få tatt bilder når eg endeleg var komen opp - og til og med sola skein!!! Akk ja!
Men eg kom opp litt for tidleg, for det vart for lenge (synes eg!) å venta heilt til sola gjekk ned. I
tillegg såg det ut for at det vart skyer i hav-synsranda. Så eg beg. å gå heimover ca 23.30. Fekk med
meg fin sol eit stykke på veg, og i tillegg kom månen opp etter kvart.

Ein flott tur - sjølv om det vart noko langt! Kjente det godt i div. musklar dagane derpå. Men ukrutt
forgår ikkje så lett. Så no har det blitt omtrent som normalt igjen.. !
Er det nokon "der ute" som les dette, er du velkommen med på ein tur opp i "fjellheimen" her på
Namdalseid :-) 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar