torsdag 19. september 2013


 Haust-tid er innhaustingstid - på alle plan!

No er det haust.... Endå ein gong... Og min aktivitet for tida har m.a. vore å ta opp
poteter. Litt kjekt å ta opp for hand, for då ser eg kva som er under kvar plante!
I tillegg får eg praktisert "barnelærdomen" som består i å sortera potetene. Dei
små skal for seg, og er det tørr-råte, må dei ikkje koma ilag med dei friske
potetene... :-)  Men kjende det i ryggen idag etter at eg hadde tatt opp 6 bøtter,
at det var godt med ein god pause!

Her er eit eksemplar av potetene. 450 gram var den, og det seier seg sjølv at
det skal ikkje så mange slike til for å få nok til middag...


For å få 2 kilo trong eg berre 7 poteter :-)

Idag kom Oddvar til unnsetning med opptakar, så me fekk opp resten av potetene. Bra avling i år. Har 4 sortar: Fjellmandel, Gram, Kerrs Pink og Pimpernell. Nok både til å eta og baka potetkaker og potetlefser av.

Kornet er og kome i hus, og adskilleg tidlegare i år enn i fjor. I tillegg var det mykje betre kvalitet. Godt ver gav tørt korn! Med god hjelp av Odd Gunnar gjekk det svært bra! Godt å ha vaksne karar som kan - og vil - ta eit tak!!


Når det går mot haust, og gradene vert under 10, kjem det godt med ved i ovnen!! Som kjent varmar veden opptil fleire gonger :-)

Fine fargar på blada!



Denne planten fann eg langs vegen heime i Skånevik. Veit ikkje navnet.. men
kanskje er det nokon "der ute" som veit det?! Skriv ein kommentar, så vert eg litt klokare (skal ikkje så mykje til ...!)

Dette får vera nok for i kveld. Får koma tilbake til meir seinare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar