søndag 24. juni 2012

Ein song!

Ta deg ei stund på Golgata og sjå kva der er gjort
du som vil rettferdsprydnad ha, men alltid kjem til kort.
Sjå på det blod som skuldlaust rann og spør kvifor det var.
Spør kva din Frelsar dermed vann og takk han så til svar.

Ta deg ei stund på Golgata når synda trykkjer ned
der får du syngja lett og glad med hjarta fylt av fred.
Der kan du sjå deg løyst og fri for skulda er betalt.
Der kan du ande fritt fordi din Frelsar sona alt.

Ta deg ei stund på Golgata når striden fell deg hard.
Då vil du vern og verje ha og Satan får sitt svar.
Der vil du sjå at alt hans verk er løgn og tomt bedrag.
der vert du atter ung og sterk og vinn det harde slag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar