søndag 24. juni 2012

Om nådegåver.

Har eit inntrykk av at når det gjeld forkynning om nådegåver, havnar ein enten i den grøfta at ein fokuserer berre på nådegåver til å helbreda og tala i tunger, eller så vert det ikkje snakka om nådegåver i det heile.  Godt mulig eg tek feil. Det står i alle fall ein del om nådegåver i Guds ord. Det står faktisk at : Ettersom kvar har fått ei nådegåve, så ten kvarandre med henne som gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde (1. Pet.4.10). Det må vel bety at alle truande har ei - eller fleire - nåde-gåver som ein skal tena kvarandre med.

Skal ein vita kva nådegåve ein har - og kan ein tena med si nådegåve - utan å vita om den??
Er det ei nådegåve dette å kunna tena? hjelpa andre? sjå ei oppgåve - og gjera den utan å bli spurd?

Profetisk tale --- kva er det f.eks..
Nokre meinar det er når nåkon får "sjå" noko som skal skje i framtida, eller også at det er nokon som
"får eit budskap" til ein eller annan i forsamlinga der og då.
Andre seier at å tala profetisk er å forkynna Guds ord til vekkelse og fornying.
Så kva er profetisk tale...??
Svaret har eg ikkje. Men skulle gjerne fått undervisning om emnet: nådegåver






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar