torsdag 14. juni 2012

Det er vel på tide med litt nytt kvardagsglimt !!?? Sjølv om fylgjande kanskje ikkje høyrer kvardagen til?
Sommaren er her visstnok, men varmen har utblitt her i mitt område. Me får rett nok sol innimellom, og slett ikkje så mykje regn, men det er kjøøøøøøøøøøøølig for det meste!! Nordavinden er kald same kor den kjem ifrå vert det sagt :-)

Sommar - stevner - møter - leirar, ja til og med GF både for den eine og andre organisasjonen står for døra...
Du kjem ikkje på slike samvær utan at du og får med deg mykje song og musikk - i tillegg til mykje
folk (ofte) og mykje forkynning (forhåpentlegvis).  Kva type song og musikk får ein del i på alle
arrangement i løpet av sommaren?  Før var det vanleg med duett, musikklag, kor.. akkompangert av
enkel piano/gitar/trekkspel, og i tillegg mykje forsamlingssong - som regel med songar frå Sangboken.  Ein stevnesong kunne og forekoma....

GF og årsmøter  for NLM var før høgdepunkt for meg om sommaren. Fekk vera med på dei fleste GF
frå 1976 til 2000. Og mange Ungdommens Landsmøter fekk eg med meg. Veldig gode minner. På desse arrangementa har det vore ei utvikling ingen kunne tenkja seg for 40 år sidan. Idag er det ikkje
piano og trompet som ledsager songen - frå songboka - nei, no er det "band" og forsongarar. Høg - til
dels ubehageleg høg- musikk med trommer, slagverk og el-gitarar, og forsongarar står med kvar
sin mikrofon og får ikkje alltid til å stå i ro ein gong. ...
Takt og rytme og bråk har kome i staden for god og enkel evangelisk song - både frå aktørar og forsamling. Synes det er vondt. Dei unge lærer ikkje mange av våre kjernesongar i Sangboken. Såkalla lovsongsteam leier forsamlinga i "lovsong"- ofte på engelsk. Våre gamle og slitesterke - ofte sjølvopplevde- songar kjem heilt i bakgrunnen, desverre!  Har og registrert at ofte skal dei "gamle" songane syngjasts på ein ny måte - enten ny melodi (og det treng ikkje vera galt!) eller også ny rytme. KVIFOR???

Kor me treng åndelege hyrdar, og ikkje minst vekkelse og nytt liv!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar