søndag 23. februar 2014

SØK HERREN MEDAN HAN ER Å FINNA, 

KALLA PÅ HAN DEN STUND HAN ER NÆR!

Jes. 55.6


Frå den gamle Sangboken nr. 180

Vend om, vend om til Herren og kom tilbake du som går på syndens veier, et sorgens barn ennu Om du blott kunne ane at Gud deg har så kjær Så kom du under tårer, Så kom du som du er!

 

I dag deg Jesus kaller, det er så kjærlig ment!   Gjør opp din sak med Herren, for snart det blir forsent. I dag i dag for intet, for intet alt begjær I morgen kan du være hvor intet kall er mer!


Han kaller ikke alltid, din tid er ei så lang   Idag, i dag du kalles kanskje for siste gang.    Du kan jo dø i synden, få syndens lønn og dom. Men ennå roper Jesus så mildt, så ømt:        Vend om!


Ingen kjenner dagen før solen går ned..


torsdag 20. februar 2014


OM Å TRU PÅ GUD


Trur me verkeleg det me seier når me seier at me trur på Gud?? Kanskje er
det ofte slik at me trur så lenge - og så mykje - me sjølv synes er "naturleg"??

I 1.Mos.18 står det om at Sara fekk løfte om ein son, men etter menneskeleg fornuft var det umulig. Ho fekk høyra: Skulle noko vera umuleg for Gud?
Og det umulige vart mulig. Ho fekk ein son i sin høge alder..!!

Og i Jer.32, 17 og 27  står det : Skulle noko vera for vanskeleg for Gud
- han som har skapt himmel og jord -

Då Maria fekk beskjed om at ho skulle bli mor til Jesus, fekk også ho det svaret:
Ingen ting er umulig for Gud!

... Og me idag... trur me at det er sant at ingen ting er umulig for Gud?

"Trua kjem ved forkynninga, og forkynninga ved Kristi ord!"  Til meir me er
ilag med Jesus, til meir veks trua og tilliten!! Går me ut på Guds løfter, får me og erfara at det Gud har lova i sitt ord, det held!!

Helga og Peder Leithaug song ein song i 1972. Tek den med her!


 GUD FORMÅR!

Tror du noen ting er helt umulig for vår Gud?
Herren selv som i det høye bor!
Nei, min venn, ei noe kan forandre dette bud:
Alt er mulig for enhver som tror!

Kor:,
:/:Gud formår:/: hva ingen andre makter, Gud formår!
Han som jord og himmel eier, fører saken frem til seier!
Tro på alle Herrens løfter! Gud formår!

Kjemper du i egen kraft og ikke kommer fri?
Kjenner du deg motløs og forsagt?
Tre da frem i lyset og deg helt til Jesus gi,
straks du kjenner nådens løsermakt!

Mange røster hvisker: Du på Gud ei stole må!
Fristeren vil lokke med sin tvil.
Svar han da med ordene: Min Gud kan alt formå!
Løftene oss alle hører til!

























søndag 2. februar 2014







Sangskatten me har i Sangboken kan neppe vurderast høgt nok. Mange forfattarar har gitt oss mykje til sjelesorg og oppbygging - og også til sjølv-ransaking. Er glad eg lærte mange songar som ung. Dei sit i hukommelsen fortsatt. Og erfaring frå bl.a. eldre på ein sjukeheim - som kanskje ser ut til å vera heilt "borte vekk"viser at dei kan bli med å syngja på salmar/songar dei lærte som unge. Derfor er det veldig trist at så mange av dei kristne ungdomane idag ikkje har for vane å bruka Sangboken, men syng meir såkalla "Lovsongar" og mange nye "låtar" eller også engelske songar. Dette treng ikkje vera galt, men dei går glipp av mykje dersom dei ikkje også lærer - og blir glad i mange av dei songane me har i Sangboken.

Utanom Sangboken finnes det også mange evangeliske songar. Ikkje alle er kanskje like djupt forankra i Bibelen, men likevel innafor den bibelske tanke.

Tek med ein song her som eg fekk i 1977

DU KAN KOMME PÅ NY!

Var det deg som begynte på himmelens vei med et brennende hjerte engang.
Men idag har du lite av gleden i Gud, den har stilnet, din tros-glade sang.

<Kor:
Du kan komme på ny til Frelser idag
Han i nåde vil danne sitt ler.
Han kan gjøre fornyelsens verk i din sjel
så hans vilje kan skje mer og mer.

Engang møtte du Jesus i Ordet og bønn. Du var trofast i gudslivets strid.
Men idag er du sjelden ved Mesterens fot, til det viktigste blir det ikke tid.

Engang vitnet du glad om din Frelser så kjær, som så herlig din sjel hadde frelst. Men idag har du lite om Jesus å si, det er verden du taler om helst. 

Engang ventet du Jesus din Frelser igjen, du var rede å møte din Gud.
Men hvordan vil det gå om han kommer idag, er du iført den snøhvite skrud?

<Kor:
Vi vil komme på ny til vår Frelser idag, han vil rense oss hvitere enn snø.
Han kan gjøre fornyelsens verk i vår sjel, så hans vilje med oss mer kan skje.

torsdag 23. januar 2014

Språkbruk - ord og uttrykk i kristen samanheng!


Det hender at eg reagerar på uttrykk som - kanskje særleg unge - brukar.
Noko kallast visst for ungdomskultur....??
Ord som : Digg, kuult, konge, rått, kanonbra osv.


"Det var heilt konge!" å vera på det arrangementet, f.eks.
"Jeg bare digger han/henne!" "Konserten var heilt rå!" "Ein kanonbra bibeltime"

Har me ikkje lenger ord på norsk for å uttrykkja det me meinar, tru??!

For ei tid sidan var det ei overskrift i eitt av våre misjonsblad som lydde slik:

"Når Gud dummer seg ut."
Eg tenkte....: Har Gud nokon gong dumma seg ut???
I stykket med den overskrifta stod det m.a.:" I GT leser vi historien om profeten Hosea. Der finner vi enda et eksempel på hva Gud er villig til å gjøre fordi han elsker oss: Han dummer seg ut. Vel, han dummer seg ikke ut på den måten at det er han som gjør noe feil. men han dummer seg ut ved at han lar de han elsker ydmyke han - gang etter gang..."

Ja, Gud elskar sin skapning - oss menneske - så høgt at han gav seg sjølv. Men
har dermed Gud dumma seg ut når han stadig tek seg av oss som syndar igjen og igjen???
Synes dette er å dra Gud - og hans hellihet ned på eit lågt menneskeleg nivå.
Gud er hellig, han er suveren og har ein ufatteleg kjærlighet til oss som er
trulaus. Men dummar han seg ut?? Nei, eg trur ikkje det!!

Det blir så malplassert for meg ofte med desse "nye" uttrykka. Går det ikkje an lenger å sei at eg likar den/det. Synes dette var fint/godt. Kan eit møte f.eks. vera alvorleg idag?? Eller er det berre kanonbra??

Før var det tale om vitnemøte. No er det dele-møte (og det er ikkje noko galt i
det, kanskje. Men å vitna... då deler ein noko ein sjølv har erfart og opplevd..!)
Før var det bønnemøte. Idag er det ein del som kallar det Bønnis. Kor er det
hellige - det høgtidelege??



fredag 3. januar 2014

Godt nytt år 2014

Ja, så har me starta på endå eit nytt år. Etter kvart vert det mange års-skifte for meg - og fleire med meg. Trur nok at refleksjonane rundt års-skiftet også har endra seg ein del med åra. Nyttårs-forsett har eg visst aldri hatt -:-), men eg hugsar frå ungdomstida at det var kanskje litt meir alvor over å gå inn i eit nytt
år. Har vore med på ungdomsleirar der me hadde bønn på kne idet me gjekk inn i det nye året. Andre gonger var me med på midnattsgudsteneste og deltok
der i overgangen til eit nytt år. Alvoret med eit nytt levd år - og så eit nytt ubrukt år, trur eg var meir i fokus då!? Kva har eg brukt året som gjekk til, og kva vil Gud med dette året som eg startar på?? Trur faktisk slike spørsmål var
meir i fokus for min del før. No går det liksom utan større refleksjonar..

Skal tru om det er berre eg som idag er meir opptatt med rakettane som vert sendt opp?? Samtidig som eg er sterkt imot alle bortkasta pengar som går med til fyrverkeri og rakettar, kan eg ikkje nekte for at det kan vera fint å sjå på....
Ser me på dagen - året - som ein sjølvsagt ting - der alt liksom skal gå i den vanlege tralten? At ikkje alt ER sjølvsagt veit me jo godt i teorien, men skal tru
om ikkje det sjølvsagte likevel ligg der??!!!

At julehelga og det nye året skulle bli som det vart for min del hadde eg aldeles ikkje sett for meg. 21. des. var eg å henta posten, og ved postkassen fekk eg også "utdelt" eit fat som høyrde til på grendehuset vårt. Nokre leigetakarar hadde lånt det med seg heim, og skulle levera det tilbake. Ja, det var greitt nok! eg hadde hender både til post og fat! Ikkje så langt frå huset var det is... under snøen.. Ja, så skjedde det som ofte kan skje: foten for under meg og der låg eg. "Der for foten, og der for konserten" sa eg med det same.... Me hadde nemleg tenkt oss på julekonsert med Nidarosdomens guttekor i Trondheim dagen etter - den 22.  Ja, ja... Det er jo lov å håpa og planleggja, men det hjalp
lite der eg låg. Posten låg strødd - men fatet var heilt :-) !! Heldigvis var både
Odd Gunnar og Oddvar like i nærheten, så dei fekk meg opp og inn med det
same. Deretter vart det ambulanse og sjukehus. Brudd vart konstatert og 8 veker utan belasting av foten vart resultatet. I morgon har eg "berre" 6 veker
igjen....!!
Eg har tidlegare på bloggen skrive om å ikkje gløyma Guds velgjerningar. Og
må minna meg sjølv på det igjen. Får me vera friske og gå til det daglege arbeid, er det ei stor gåve frå Gud!! Vel kan arbeid vera eit ork og eit slit så mang ein gong. Men likevel ei stor velsigning!! Så gløym ikkje å takka for dei
"sjølvsagte" tinga i kvardagen!
Denne perioden med krykker og "rulerande" stol har og lært meg at sjølv om eg no har god tid til både å lesa i Guds Ord og be, er det ikkje lett å prioritera nettopp det!!! Data, handarbeid og anna lesestoff er så mykje enklare å gripa til
"Strid for å koma inn gjennom den tronge port og gå på den tronge veg!"
Ein REK ikkje til himlen på ei fjøl, som ein sa. Nei, det er kamp - både frå verda utanifrå og sanneleg meir enn nok også innanfrå!!

Håpar alle som måtte lesa dette slepp gips og krykker, eller andre
komplikasjonar og sjukdom i 2014.
Men så kan me også ta med:

Jeg er i Herrens hender i alt som med meg skjer
i smil og gråt jeg kjenner at Herren er meg nær

Godt nytt år!!





mandag 16. desember 2013

Adventstid er også baketid!!


Eg er ikkje av dei som tenkjer så mykje på dei 7 kakesortane no til jul. Bakar vel helst det eg har lyst til - og ev. det som fell i smak i huset.. :-) !! Du kan få eit lite innblikk frå baksten. Smaken må du koma hit for å testa... Velkommen 
til det, men kom før påske !!


Rosettar er veldig gode når ein får dei til som dei skal vera. Svein-Åge er ikkje kresen, så han et dei uansett korleis dei vert, ser det ut for. Ja, me er fleire som prøver oss... Men eg får dei aldri til som eg vil......... (snufs..)


Smultringane er eg og sjelden fornøgd med. Enten vert dei deigete inni eller dei smakar formykje smult. I år vart dei tjukke og fast i konsistensen. Ligg i frysen no, men vert truleg opp-etne hvis eg hugsar på å ta dei opp!!

Sirupsnippar og krumkaker derimot vart brukbare - og dei forsvinn nok utan at dei vert for gamle!
S
Så er det godt med litt gjærbakst også innimellom småkakene! Ikkje så verst resultat denne gongen. Og som ferske er dei gode... nam nam!!

Det som har blitt trasisjon her er å laga s-ar og o-ar . . . eller sprut, som me kalla dei!  Då mobiliserer eg gutane som er heime til å dra kjøttkverna og vera fôr-mann. (Altså stapp deig i kverna) Ein sveive og ein mate og eg formar bok-stavane. Ikkje like store, nei... Men me er ikkje like store i munnen me heller, så det blir litt for einkvar smak :-)
Kjem du snart og besøkjer oss. Vil du ha småkaker (når dei fleste er lei av dei),er det berre å koma ...!! Du kan få litt anna og, så ikkje ver redd. Har som regel både knekkebrød og kjeks liggjande,he he!

Fortsatt god advent! Snart er det jul!!! Kjem kanskje med meir om ikkje så lenge - men då uten kaker!

lørdag 12. oktober 2013


 Litt bilder frå haust-turen min til barndomsheimen, Fleisje i Skånevik



Når ingen bur fast på ein plass er det fritt fram for tre og buskar å veksa - som dei sjølv vil... Her har ei selje fått fritt spelerom og blitt altfor stor og skjemmande. Men no er det slutt........ Bort med den!!


Dette vart adskilleg betre!! No ser me både til sjøen og til "naboane" på Eikenes m.m.


Huset er gamalt, men godt å bu i fortsatt. Vedfyring kjem vel med. Maling skulle vore gjort og.. Kanskje kan det bli neste år ??? Dugnad er tingen!!


Kvelds-sol innover Åkrafjorden og Fleisje-kvalen i forgrunnen. Det sit ein skarv
på den. Trur ikkje den fuglen var der i min barndom...


I år vart det litt fine både epler og pærer. Her er det 4 ulike eplesortar.




Stille sjø og høg flo er gunstig for båltenning av gamal kvist! Godt å få rydda opp litt!!

Etter sol og stille vart det overskya og plutseleg vind... Greit at bålet var nesten slokna..!
















Kveldssol over Skånevik - tatt frå Tre (ikkje eit tre, men ein plass som heiter Tre :-)


Så er eg på tur nordover - over Strynefjellet. Litt skya og kjølig, men fint!!Takk for turen - og for at du var med eit stykke på veg!! :-)


I min heim var eg sæl Avdi Gud var attved, Og eg kjende så vel Kor det anda Guds fred
Når til kyrkje me for, Når me heime heldt kor Og med moder eg bad
Å eg minnest så vel denne stad

Denne heim er meg kjær Som den beste på jord Han mitt hjarta er nær, Denne fjetrande fjord
Og det målande fjell Og den strålande kveld, Hugen leikar på deim.
Å eg minnest så vel denne heim